
Frode Hjort-Larsen - NRK-arkiv.
Rektor ved Sogndal folkehøgskule, Frode Hjort-Larsen, forstår at folk er skeptiske og redde, men ber dei unngå å skjære alle over ein kam.
- Det er viktig å minne om at det er ein einskildperson som er tiltalt, og ein einskildperson som har utført handlinga. Vi må ikkje stigmatisere ei heil gruppe, seier rektoren.
Nedsettande kommentarar
Då det vart klart at Hassan Samryie Hashin frå Somalia var sikta for drapet på 19-årige Hedda Karterudseter i Sogndal, kjende mange av innvandrarane i kommunen seg stigmatiserte som gruppe. Og det har berre blitt fleire og fleire skeive blikk og nedsettande kommentarar mot dei.
NRK Sogn og Fjordane har snakka med fleire av innvandrarane, men dei vil ikkje bli intervjua på radio. Dei fortel at skepsisen er mykje større enn før, og det ser berre ut til å auke.
- Det er ein vond sirkel, fortel ein av dei.
Gjengar
Når innvandrarane kjenner seg sjikanerte, får det dei til å trekke seg tilbake og berre gå ut i grupper. Noko som igjen gjer at dei får enda fleire slengkommentarar frå folk som ser på dei som gjengar, fortel mannen i 20-åra.