Hopp til innhold

Negativ trend i ferd med å snu - busette 26 flyktningar i august

Kommunenes interesse- og arbeidsgiverorganisasjon (KS) har lenge vore uroa over det låge talet på busette flyktningar i Sogn og Fjordane. No kan nye tal tyde på at trenden er i ferd med å snu.

Asylmottaket på Bergum

ASYLMOTTAK: Mange flyktningar vert buande i asylmottak sjølv etter at dei har fått innvilga opphaldstillatelse. Bilete er frå asylmottaket på Bergum i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Av erfaring vil kommunane i Sogn og Fjordane, i alle fall dei med eit visst busetjingsvolum, klare å oppfylle busetjingsvedtaket innan utgangen av året, seier Integrerings- og mangfoldsdirektoratet Vest.

I 2012 har IMDi oppmoda Sogn og Fjordane til å ta i mot til saman 300 flyktningar. Hittil i år har sju av kommunane i fylket gjort vedtak om busetjing av 103 personar.

Ifølgje halvårsrapporten frå IMDi hadde kommunane i Sogn og Fjordane berre busett 35 flyktningar fram til juli i år.

Jenny Følling, fylkesvaraordførar

UROA: Jenny Følling er redd for at det vert vanskeleg for kommunane å møte dei høge tala.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Leiar i KS, Jenny Følling, seier at dei låge tala i rapporten er urovekkjande. Ho oppfordrar kommunane som har gjort vedtak på å ta i mot flyktningar til å gjere sitt beste for å nå dei måla dei har sett.

Stor auke i august

IMDi Vest fortel at har det skjedd mykje sidan den siste rapporten vart publisert. Det var ved utgangen av august busett totalt 61 flyktningar i fylket. Det inneber at det er busett i alt 26 flyktningar berre i august månad.

Følling seier at det ofte er kapasiteten til kommunane som er avgjerande. Fleire av kommunane i Sogn og Fjordane har hatt problem med å skaffe nok bustadar, men auka i busetjingar den siste månaden kan tyde på at situasjonen er i ferd med å betre seg.

IMDi håpar framleis på at fleire kommunar skal fatte positive vedtak om å ta i mot endå fleire flyktningar. Dei meiner at mange av kommunane i Sogn og Fjordane har kapasitet til å ta imot fleire flyktningar enn det dei opphavleg har vedtak om å busetje.

Langsiktig planlegging

Eid kommune er ein av dei sju kommunane som har gjort vedtak om å ta i mot flyktningar. Ordførar Alfred Bjørlo seier at sjølv om talet har gått opp, står kommunane framleis overfor fleire utfordringar.

– Vi veit at dette ikkje berre er ei eingongsutfordring i år, men at behovet for busetjing av flyktningar kjem til å vere stort i fleire år framover.

Bjørlo meiner at for å kunne løyse ei slik utfordring krevst det langsiktig planlegging.

– No må vi komme vekk ifrå det veldig kortsiktige, og kvar kommune må leggje ein plan på korleis vi kan få opp nok bustadar, og auke kapasiteten i mottaksapparatet slik at vi kan ta i mot det talet på flyktningar som vi er utfordra på, seier Bjørlo.

Torer ikkje spå utviklinga

I 2013 er Sogn og Fjordane oppmoda til å busetje heile 350 flyktningar. Følling tør ikkje spå utviklinga framover, men seier ho er redd det vert vanskeleg å møte dei høge tala for neste år.

– Dei tala vi ser for neste år, tilseie at fleire kommunar bør sjå om dei kan ta i mot flyktningar, men det viktigaste no er at dei kommunane som har gjort vedtak prøver å følje opp, og tar i mot det talet dei har vedtak på, seier Følling.