Hopp til innhold

Auka aktivitet kan spare Norge for 80 milliardar i året

FØRDE (NRK): Norge kan spare opp til 80 milliardar kroner årleg på at nordmenn rører meir på seg. Sju av ti er ikkje i nok aktivitet.

Gruppetrening for eldre i Førde

POPULÆRT: Fleire eldre er med på organiserte seniortreningar på treningsstudio.

Foto: Sigrid Sivertsen Haugan / NRK

Eg syns dette er ein viktig tankevekkar. Det vert gjort veldig mykje bra i Norge for å få folk i aktivitet, men det er ikkje nok til å kompensere for all stillesittinga i kvardagen. Viss vi får auka den gjennomsnittlege aktiviteten i befolkninga litt, så er det faktisk enorme beløp å hente, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Anbefalinga frå Folkehelseinstituttet 150 minutt med fysisk aktivitet i veka for vaksne, medan 60 minutt kvar dag er anbefalinga for barn. Men det er berre tre av ti nordmenn som er i nok fysisk aktivitet.

Opp mot 80 milliardar kroner kan sparast årleg på betre helse, som følgje av auka fysisk aktivitet blant nordmenn viser ein forskingsrapport frå Vista Analyse.

Forventar gullår

Auka merksemd rundt den økonomiske verdien av betre helse gjer at Heimdal trur at 2018 vert eit gullår for folkehelsa.

Generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk friluftsliv

Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Foto: Joe Urrutia

– Mange politikarar er bevist på at vi går inn i dårlegare økonomiske tider og då må dei finne plassar å kutte i kostnadane. Førebygging er mykje billigare enn å reparere helse, seier Heimdal.

Men førebyggande tiltak er ikkje alt, meiner ein professor ved Høgskulen på Vestlandet.

– Eg trur at for fysisk aktivitet har det skjedd mykje, men vi må hugse at fysisk aktivitet berre er ein del av helsa vår. Om lag halvparten av årsakene til dårleg helse er faktorar vi ikkje kan gjera noko med, seier John Roger Andersen.

Bu lengre heime

Fleire stadar i landet har det blitt starta opp seniortrening for eldre som har blitt eit populært tilbod.

– Det å sørga for at dei som er pensjonistar heldt seg fysisk aktive, går på tur, trenar og gjer øvingar som gjer at dei kan utsette omsorgstenester og sjukeheim med fleire år kan spara samfunnet for enorme beløp, seier Heimdal i Norsk Friluftsliv.

For jo eldre ein vert, jo vanskelegare vert det å halde musklane ved like.

Gruppetrening for eldre i Førde

AKTIV: Trenar Sandra Hjønnevåg (t.v.) gjer forskjellige øvingar saman med Bjørg Kaldestad.

Foto: Sigrid Sivertsen Haugan / NRK

– Derfor er det viktig med slike tilbod som vi har med gruppetrening for eldre. Då kan dei halde på muskelmassen, seier gruppetrenar Sandra Hjønnevåg.

Ei som har merka ein forskjell etter at ho byrja med gruppetrening på treningsstudio er Bjørg Kaldestad. Ho gjekk fast til kiropraktor i 20 år.

– Men så sende han meg til vidare til eit treningsstudio. Sidan eg byrja å trena har eg ikkje vore innom kiropraktoren, seier ho.