– Det var berre flaks det ikkje var ungar i vegen. Eg vil ikkje ein gong tenka tanken. Eg vart redd. Det er uventa at det skal koma ein lastebil i full fart mot deg på Fjellveien seier Kim Furseth.
Søndag føremiddag skal det ha vore mykje folk i det svært populære turområdet i Bergen sentrum. Furseth var ute og sykla då lastebilen vinglande køyrde mot han.
– Han kom i full fart, og eg heiv meg ut i grøfta. Så høyrde eg ein smell og stål som vreid seg då han krasja, seier Furseth.
Så stakk føraren av, ikledd arbeidsklede og hjelm.






Ingen skada
– Det såg ut som om har var på jobb. Han hoppa over rekkverket, ned i buskane og sprang nedover mot byen. Han såg tydeleg rusa ut, seier Furseth.
– Eg vurderte å følgja etter han, men eg var framleis i sjokk, seier han.
Ingen personar blei skada av villmannskøyringa.
– Me har ikkje indikasjonar på at han prøvd å køyra på nokon, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.
Lastebilen skal ha køyrt på fleire bilar, mellom anna ein buss, i området. Politiet fekk den fyrste meldinga om køyringa frå ein brannbil, som lastebilen hadde krasja med. Lastebilen køyrde likevel vidare, og krasja også inn i neste bil.
Der ferda enda, står lastebilen og lener seg mot eit tre.
– Hadde han stoppa nokre meter lengre bak eller framfor, hadde han kome utfor vegen og trilla nedover mot husa som ligg der, seier Furseth.
Fekk mange telefonar
Dei har byrja å leita etter mannen, men har enno ikkje funne han.
– Me leitar no med hundepatrulje. Men han kan ha kome seg langt, sa operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt klokka 15.05.
– Har de noko å gå etter?
– Me har eit vagt signalement, så får me visa kva etterforskinga syner, seier Algrøy.
Mellom 20 og 30 personar ringde 112 om råkøyringa og krasjet.
– Me fekk svært mange telefonar. Folk blir jo skremt, seier Algrøy.
Politiet trur lastebilen er stolen.
TURVEG: Det var mange på tur i området nedanfor Fløyen i Bergen då lastebilen krasja.
Foto: Rune Møklebust / NRKFull av tjuvegods
Det trur også dagleg leiar i firmaet som eig bilen.
– Den har stått på Skoltegrunnskaien sidan fredag. Me har ikkje brukt den i dag, seier han til NRK.
Han er drog til stedet for å undersøkja kva som kan ha skjedd.
– Det er jo heilt katastrofalt. Eg er litt i sjokk, seier han.
Til BT fortel han at bilen er full av tjuvegods, mellom anna ein tv-skjerm og datautstyr.