Her er tilbodet du berre må seie nei til

Førstehjelpspakken AUF Sogn og Fjordane fekk tilbod er eit reinspekka svindelforsøk. Og dei er langt frå dei einaste som er forsøkt svindla.

Hjørdis Hagen, kontorsekretær i Sogn og Fjordane Arbeidarparti

LOT SEG IKKJE LURE: Hjørdis Hagen og Sogn og Fjordane Arbeidarparti lot seg ikkje lure av den falske fakturaen som dumpa ned i postkassen til ungdomspartiet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Tilbodet er tilsynelatande frå Noraid Førstehjelp, som er merkevarenamnet til eit av landets største totalleverandør av medisinsk forbruksmateriell.

For to førstehjelpskoffertar, eller «Førstehjelp pakke 2013» som det heiter i tilbodet, må ein ifølgje tilbodet ut med over 7.700 kroner.

Full av skrivefeil

Svindlarane har vore lure. Med lita skrift presiserer avsendar at brevet er eit tilbod. Det er ingen kontonummer eller annan kontaktinformasjon enn ei e-postadresse – skriven på to ulike måtar. Med andre ord må mottakar ta kontakt for å få meir betalingsinformasjon.

Den oppgjevne web-adressa er ikkje aktiv. I tillegg har avsendaren, med adresse Økern Torg i Oslo, sendt eit brev på dårleg norsk og med mykje skrivefeil.

(Artikkelen held fram under biletet)

Falsk faktura til AUF Sogn og Fjordane

FALSK: Tilbodet ser ut som ein faktura, er full av skrivefeil og manglar kontonummer - men oppmodar til å ta kontakt for kjøp av «Førstehjelp pakke 2013».

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eigentleg virka det som eit ganske hjelpelaust svindelforsøk, humrar kontorsekretær Hjørdis Hagen, som fører rekneskap for AUF Sogn og Fjordane.

Over 200 forsøk

Administrerande direktør i Mediq Norge, Lars Magnus Mikkelsen.

DIREKTØR: Lars Magnus Mikkelsen.

Foto: Mediq Norge

Det er Mediq Norge som har merkevarenamnet Noraid Førstehjelp. Verksemda er ein stor totalleverandør av medisinsk forbruksmateriell til sjukehus og primærhelsetenesta i Norge. Dei omsette i fjor for 540 millionar kroner.

Administrerande direktør Lars Magnus Mikkelsen seier at dei siste veka har fått fleire spørsmål frå verksemder og organisasjonar som har motteke tilbodet.

– Vi har i alle fall fått over 200 telefonar. Det ser ut som om avsendar har teke utgangspunkt i eit bedriftsregisterer eller liknande, seier Mikkelsen og er usikker på om nokon har blitt lurt.

– Vi ser svært alvorleg på at nokon nyttar vår merkevare og logo, og har allereie meldt saka til politiet. I tillegg har vi sett store ressursar i sving for å prøve å finne ut kva dette er og kven som står bak, seier Mikkelsen.

Unødig støy

NRK har sendt e-post til dei oppgjevne e-postadressene. Vi har så langt ikkje fått svar. Avsendar First Aid i Oslo er heller ikkje eit firma som eksisterer i Brønnøysundregisteret.

Også Mediq Norge har forsøkt å opprette kontakt med avsendaren av tilbodet.

– Ingen kan tillate seg å stele vår identitet og merkenamn. Det fører til unødig bruk av ressursar og unødig støy. Vi fryktar sjølvsagt at dette kan påverke vårt gode namn og rykte også internasjonalt, seier Mikkelsen.

– Meld det til politiet

– Piratkopiering av beskytta varemerke, samt urettmessig bruk av registrerte varemerke skjer i aukande grad. Bak denne verksemda finn ein ofte større nettverk som igjen står for ein stor del av den økonomiske kriminalitet på verdsbasis, seier direktøren.

Mikkelsen oppmodar mottakarane av e-posten om å melde det til politiet.

Midt i ein hektisk valkamp har ikkje Sogn og Fjordane Arbeidarparti sett seg tid til å gjere dette. Men dei har heller ikkje intensjon om å bruke tid på å nytte seg av tilbodet.

– Men eg la det ut på Facebook som ei åtvaring. I desse travle tider, kan det vere fort gjort å gå på limpinnen og bli lurt, seier Hagen.