– Det er litt spesielt om vi skal legge ned arbeidsplassar fordi nokre ungdommar sat på eit rom for nokre år sidan og bestemte at den datoen skal oljenæringa bli lagt ned. Det er ein lite konstruktiv måte å drive politikk på, seier Endre Toft.
Han er fylkesleiar i AUF i Vestland.
På AUFs landmøte 15.-18. oktober skal ungdomspartiet vedta eit nytt prinsipprogram. Det noverande prinsipprogrammet er ikkje fornya sidan 90-talet.
No bygger det seg opp til eit realt oljeslag i landsmøtesalen.
VIL DROPPE FRIST: Endre Toft er fylkesleiar i AUF i Vestland.
Foto: Silje Rognsvåg / Silje RognsvågFor i forslaget til nytt program er det med eit punkt om å fase ut oljenæringa innan 2035, eit standpunkt AUF vedtok i 2018, mot fylkeslag i vest sine stemmer.
No vil AUF i Vestland fjerne heile tidsfristen. Dei meiner det er urealistisk å legge ned heile petroleumsnæringa så raskt.
KRITISK: Josefine Gjerde i Grøn Ungdom Vestland
Foto: Nora Mjølhus / Grøn UngdomEndre Toft viser til at det er fleire oljefelt som nyleg er komme i gang og kjem til å stå mykje lenger enn til 2035.
Grøn Ungdom reagerer kraftig på forslaget.
– Dette er eit svik mot den klimastreikande generasjonen. Ein tidsfrist er den mest realistiske måten og heilt nødvendig insentiv for å skape ein forutseieleg veg til fornybarsamfunnet, seier Josefine Gjerde i Grøn Ungdom Vestland.
Vil kutte ut olja tidlegare
Toft har støtte frå AUF i Nordland som også vil ta bort årstalet og heller lage ein opptrappingsplan for grøne arbeidsplassar som på sikt skal gjere Noreg uavhengig av petroleum.
På motsett side av debatten står AUF i Trøndelag som har foreslått å avslutte norsk oljeproduksjon endå raskare. Dei vil sette fristen til 2030, slik Grøn Ungdom har vedteke.
Det reagerer fylkeslaget i Vestland på.
– Når ein ser dei store utfordringane vi står ovanfor i klimakampen, trur eg vi må gå saman med fagrørsla for å skape fleire grøne arbeidsplassar. Å sette ein sluttdato for oljenæringa vil heller bidra til å splitte oss enn å foreine oss, seier Toft.
Meiner leiinga er for negative
Fylkesleiaren rettar også kritikk mot sentralstyret til AUF.
– Eg synest kanskje dei har vel mykje fokus på det negative rundt petroleumsverksemd, heller enn å få fram dei viktige fagarbeidarane vi har i landet eller snakke om løysingane vi no har fått til for å kome gjennom det grøne skiftet og kutte utslepp.
– Eg håper det nye sentralstyret kjem til å ha eit litt anna fokus framover enn det som har vore dei siste åra.
Halvor Endrerud, klima- og miljøansvarleg i sentralstyret, svarar på kritikken på vegner av AUF-leiinga.
ØNSKER 2035-MÅL: Halvor Endrerud i AUFs sentralstyre.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB– Det er ingen i sentralstyret til AUF som snakkar ned dei som jobbar i olje- og gassindustrien. Alle veit at oljeindustrien ikkje varar evig, men det er no vi har handlingsrommet og dei økonomiske føresetnadane til å gjere det gradvis. Vi skal bruke politikken til å sørge for at både folk og arbeidsplassar kjem seg gjennom den omstillinga, seier Endrerud.
Han understrekar at AUF har eit «tett og godt forhold til fagrørsla». Sjølv er han for dagens ståstad om 2035-fristen.
– Skulle ønske det var meir realistisk
– Bør AUF ha radikale ståstadar eller vere moderat og få meir gjennomslag i Arbeidarpartiet?
– AUF kjem til å peike ut ein kurs for framtida. Det er ikkje radikalt å ønskje eit taktskifte i klimapolitikken. Dagens regjering har gjort for lite dei siste åtte åra. Sosialdemokratiets oppgåve er å både kutte i utslepp og halde folk i jobb, seier Endrerud.
Det er venta stor diskusjon på landsmøtet rundt forslaget om ein tidsfrist i 2030.
– Sentralstyret vil forplikte seg på vedtaka som blir gjort, seier han.
– Kor realistisk er eit mål om avvikle oljenæringa i 2035 eller 2030?
– Vi skulle gjerne ønske at det var meir realistisk enn det er i dag. Samfunnsdebatten er ikkje der i dag. Spørsmålet i dag er om vi i det heile tatt skal ta politiske grep ovanfor olje- og gassindustrien eller ikkje.
Håkon Einarsve, fylkesleiar i AUF i Trøndelag, har ikkje svara på førespurnadane frå NRK.