Hopp til innhold

Aud Jorunn blei meia ned to gongar av bil på ferjekaien: – Eg merka då bilen rygga over meg

Aud Jorunn Femsteinevik sto i kø for å kjøpe grønsaker då ein bil køyrde ned henne og tre slektningar i Gjermundshamn, ikkje éin, men to gongar. No er føraren sikta for aktlaus køyring.

Ulykke ved kaien i Gjermundhamn montasje

PÅKØYRD: Aud Jorunn Femsteinevik er ved godt mot etter den dramatiske ulykka ved kaien i Gjermundhamn.

Foto: 03030-tipser/Privat

– Det gjekk så fort at eg hugsar ikkje at eg vart påkøyrd og datt, fortel Aud Jorunn Femsteinevik (75) frå sjukesenga på Haukeland til NRK.

– Men eg merka då bilen kom ryggande i full fart over meg, over den neste attmed meg, og så kom tilbake att. Så vart eg liggande der. Det var kaldt og vått.

Ho sto i kø og skulle handle varer frå ein grønnsaksbil då ho, broren og to slektningar blei påkøyrd på kaien i Gjermundshamn i Kvinnherad måndag ettermiddag.

Dei fire, som alle er mellom 70 og 80 år, blei frakta til Haukeland universitetssjukehus i Bergen i luftambulanse.

– Eg må nok ha dotte framover sidan eg har eit kutt i leppa som er sydd. Og blåmerke har eg over heile kroppen, fortel ho.

Aud Jorunn Femsteinevik

FEKK FAMILIEBESØK: Aud Jorunn Femsteinevik er på betringas veg og fekk kjærkome besøk av dottera på sjukehuset i går.

Foto: Privat

– Godt tekne vare på

Både lokalt helsevesen, brannvesen og tilsette på det lokale legekontoret rykka raskt ut etter påkøyringa.

Etter kort tid landa luftambulansen og frakta alle til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

– Der sto eit team og tok imot oss. Eg låg på intensiven til klokka ni på kvelden før dei tok meg opp på rommet. Vi er godt tekne vare på.

Ho blei «mørbanka», men kom frå det heile med eit sting i leppa og nokre brekte ribbein. For dei andre skal det dreie seg om brot- og sårskadar.

– Eg har litt problem med å gå, men det har komme seg. Eg trur at eg snart får kome heim, seier Aud Jorunn.

Ulukke Gjermundshamn

LUFTAMBULANSE: Ein luftambulanse og eit redningshelikopter rykka ut til ferjekaien på Gjermundshamn i Kvinnherad.

Foto: 03030-tipser

Har snakka med føraren

Det var ei kvinne i 70-åra som køyrde ulykkesbilen. Politiet har omtalt hendinga som eit uhell. Ifølge BT er kvinna no sikta for aktlaus køyring.

Femsteinevik fortel at ho snakka med kvinna rett etter ulykka mens dei låg på bakken.

– Eg har frykteleg vondt av ho. Ho bad om unnskyldning og var så lei seg. Eg svarte at det er sånn som kan skje.

Dei to kjente kvarandre frå før.

Ektemannen hjelpte til

NRK har også snakka med Aud Jorunn sin ektemann, som blei augnevitne til hendinga.

Han fortel at han gjorde det han kunne for å hjelpe mens dei venta på naudetatane.

– Det var eit «styggevêr», så eg prøvde å dekke dei til med dei vi hadde av varme klede. Når sånt skjer, må ein berre handle, seier ektemannen, som vil vere anonym.

Grunna koronarestriksjonar har han førebels ikkje fått lov å besøke kona på sjukehuset, men i går fekk ei av døtrene lov å kome innom.

Ulykke ved Gjermundshamn fergekai

ULUKKESBILEN: Politiet var på staden med fleire politipatruljar. Kvinna som køyrde har fått førarkortet beslaglagt.

Foto: Thomas Thorsen / NRK

Skal ta fleire avhøyr

Lensmann i Kvam, Fusa og Tysnes, Terje Sperrevik, seier at etterforskinga av ulykka framleis held på for fullt.

– Vi jobbar med å få avhøyrt fleire folk. Det er litt uklart kor mange som blei vitne til dette, men vi forsøker å danne oss eit godt bilde av det som har skjedd, seier Sperrevik.

Kvinna som køyrde bilen er avhøyrt og blei følgt opp av helsevesenet på grunn av påkjenninga. Også kommunens kriseteam har hatt samtalar med dei involverte.

Politiet stadfestar at det etter forholda skal stå bra til med dei fire som blei frakta til sjukehus.

– Sånn som situasjonane er no går det bra. Det er jo snakk om personskadar, men vi har ikkje fått nokre fleire meldingar om skadeomfanget, seier Sperrevik.