Det er Bergens Tidende som i dag skriv om Fjell ungdomsskule på Sotra, som åtvarar mot mobilappen ask.fm.
Applikasjonen er i utgangspunktet eit sosialt nettverk der brukarane kan spørje kvarandre spørsmål om alt mellom himmel og jord. Men nokre finn moglegheita til å nytte applikasjonen som ein arena for stygg sjikane og grov trakassering.
Også på Olsvik skule åtvarar dei no om applikasjonen, som har over 65 millionar brukarar.
– Me fekk nokre tips i førre veke om at det var elevar på skulen her som hadde fått krenkande meldingar på denne appen. Me bryr oss om elevane våre og jobbar aktivt med digital danning, fortel rektor Rune Golf på Olsvik skule.
– Mykje dritslenging
Dei ber no foreldre om å sørgje for at barna slettar applikasjonen på mobilen sin.
– Me fråråder alle applikasjonar der ein kan skjula identiteten sin.
Statistikk syner at det er fleire barn som vert mobba i Noreg, på nettet og utanfor, enn i dei fleste andre europeiske land. Barn heilt ned i niårsalderen hetsar kvarandre på nett.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Anders Vare Nordeide og Mads Lokøy, begge 16 år gamle, meiner det skjer mykje mobbing på nett.
– Det er mykje dritslenging, sjølv om nokre brukar det fornuftig også. Men mange trakasserer andre for å trykkje dei ned og for at dei sjølve skal føle seg betre, seier Mats.
– Eg har sett masse nettmobbing før. Og folk torer ikkje ta av anonym, så då seier dei mykje drit og så kan ingen sjå kven dei er, fortel Anders.
Artikkelen held fram under biletet
Anonym hets
For mykje av årsaka til at ask.fm-applikasjonen vert nytta som ein mobbearena er at ein til forskjell frå Facebook kan vera anonyme når ein sender meldingar til kvarandre.
– Det er anonymiteten som gjer at det vert så ekstremt, meiner rådgjevar Kjellaug Tønnesen i Barnevakten.
Organisasjonen gjev råd om barn og bruk av medium. Dei ser at applikasjonen har vorte svært populær på skular i Bergensområdet.
– Ein vert litt modigare når ein sit bak ein skjerm og ikkje ser vedkommande ein slengjer drit til. I tillegg er ein anonym, så det er grobotn til mykje.
– Kan vere dropen
I august tok ei 14 år gamal britisk jente sitt eige liv etter stadig hets og sjikane på nettet. Det same gjorde ei 12 år gamal jente i Florida i USA i førre veke.
– Vi må vere obs på barn og unge sine digitale aktivitetar. Det er nok ikkje berre ein situasjon på ask som utløyser ein slik drastisk handling, det er nok meir samansett. Men det kan vere dropen som får det til å renne over, seier Tønnesen.
– Det å ikkje vite kven det er som har komme med krenkande kommentarar, påverkar konsekvensane for dei som har gjort det, meiner Golf på Olsvik skule.
– Mobbeoffera kan føla seg makteslause.
– Skakande
Oddvar Vabø er leiar i foreldreutvalet på Olsvik skule. Han meiner det skakande å lese kva barn og unge skriv til kvarandre på nettet.
– Mobbing er forferdeleg uansett. Det er skakande å sjå kva ein kan få seg til å skrive, seier han.
Også han er overtydd om at det å vera anonym gjer hetsen verre.
– Vi torer å skriva meir når vi ikkje ser personen i auga og er langt vekke. Ein blir frekkare og styggare i språkbruken.
Meiner foreldra må snakka med barna
Kjellaug Tønnesen hjå Barnevakten meiner det er flott at skular i Bergen går ut og åtvarar mot applikasjonen. Men det hjelp ikkje berre å slette programmet frå mobilen.
– Samstundes som ein går drastisk ut og seier ein bør fjerne applikasjonen, så bør foreldre også setje seg ned med barna og snakke om korleis ein oppfører seg på nettet.