Hopp til innhold

Åtvarar om glatte vegar

Det er sendt ut farevarsel med lokal fare for is i ytre strøk av Vestland måndag morgon. Det kan bli glatt viss det kjem regn. Ver ekstra merksam på morgonen, er oppmodinga frå Meteorologisk institutt.

Hos Vegtrafikksentralen har dei ikkje fått inn meldingar om at folk har trøbbel på vegane.

– Entreprenørane har vore klar over at det kan bli glatt og har salta overalt. Men køyr etter forholda, seier trafikkoperatør Ken Ove Holm.

Gult farevarsel om glatte veier
Foto: Meteorologisk institutt