Hopp til innhold

– Det er lokalt stor skogbrannfare

Det er no sendt ut gult farevarsel for skogbrann i heile Sør-Noreg. Brannvesenet ber folk om syne stor varsemd når dei skal ut på tur i skog og mark.

Skogbrann på Øvrelid på Haugen i Nordfjord.

KAN BLI MEIR BRANN: Fredag brann det på Haugen i Nordfjord. No fryktar brannvesenet fleire skogbrannar i Sør-Noreg.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det er lokalt stor skogbrannfare der det ikkje har kome nedbør av betydning den siste tida, melder varsom.no laurdag føremiddag.

I går brann det to stadar i Sogn og Fjordane, blant anna på Haugen i Nordfjord der det tok fyr i eit skogsfelt.

Det er svært varmt og tørt mange stadar i Sør-Noreg og brannvesenet fryktar at store område kan gå tapt om folk ikkje er forsiktige nok.

– Ver forsiktig

– Det viktigaste er at folk er forsiktige med tanke på grilling og liknande. Du må vere heilt sikker på at det er sløkt før du går derifrå, seier vaktleiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Benedicte Svardal.

Ho minner om at dei fleste av oss veit kva reglar vi skal følge, men at ein må vere ekstra varsam slik vêrsituasjonen er no.

– Skogbrannfaren minskar nok ikkje dei neste dagane. Vi oppmodar alle til å vere varsame, vise omsyn og følgje instruksar frå lokale myndigheiter, seier Svardal.

Tørt i terrenget

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har auka beredskapen denne helga og i alt sju helikopter står klare til å rykke ut i Sør-Noreg.

– Dette gir aukande skogbrannfare, og mange stader er det tørrare i bakken og vegetasjonen enn det kan sjå ut som, melder DSB.

Brannvesenet forbyr ikkje bruk av eingongsgrillar så lenge dei blir sat opp på ein trygg stad - gjerne i fjæra.

– Men pass for all del på å dynke grillen godt med vatn etter bruk og kast i søppelspann som er tilpassa denne typen avfall. Elles blir det lett brann, seier vaktleiar Benedicte Svardal.

Laster Twitter-innhold