Åtvarar uerfarne mot å stole på soppbøker – sjekk med kontrollør, seier eksperten

Sopp som ikkje er sjekka av kontrollør, bør folk la vere å ete. Det seier soppekspert, Anne Bråten Seljeset.

Ta med soppen til kontrollør, er Anne Bråten Seljeset, si klare oppmoding.

SJEKK: Uerfarne sopplukkarar må ta kontakt med soppkontrollørar for å sjekke at soppen dei har funne er etandes, seier kontrollør, Anne bråten Seljeset.

Foto: Harald Kolseth

Kantareller

KANTARELL: Av mange rekna som skogens gull.

Foto: Gunn Nyborg

– Hadde du spurt meg for nokre få år sidan, så hadde eg sagt at ja, gå i ei soppbok og finn svar, men frå no av seier eg nei. For det har skjedd fleire gonger at folk har gjort nettopp det, sett på bilete og fargar i ei bok, og ete giftig slørsopp, fortel Anne Bråten Seljeset.

Ho er soppkontrollør i Hornindal, og har god oversikt over kva som er matsopp og kva av dei freistande soppane i skogen som folk berre bør gå forbi.

– Kan du ikkje sopp, så skal du innom soppkontrollør, seier Seljeset.

Sjølv har ho plukka sopp sidan ho var lita jente, og har teke fleire kurs og eksamen for å bli soppkontrollør. Men det er få i Sogn og Fjordane som gjer som ho.

– Ikkje alle kommunar har soppkontrollørar. Det er eg, ein på Sandane, ein del på Møre, i Molde og Ålesund, og så er dei ganske aktive i Sunnfjord, fortel ho.

– Lær deg nokre få, trygge soppslag

Steinsopp

STEINSOPP: Nokre meiner steinsoppen er betre enn kantarellen. Kjenneteikna er brun topp, med rør under.

Foto: Baard Næss

Soppsesongen varer frå juli til ut i september, eller fram til dei par-tre første frostnettene har kome. Soppeksperten rår dei som vil lære meir til å gå sakte, men sikkert fram.

– Ein må kunne soppen om ein skal ete den utan å gå innom kontrollør. Det er mogleg å lære seg to-tre ulike soppar og berre gå etter dei. Kan du piggsopp, kantarell og steinsopp, så har du kome kjempelangt, fortel Seljeset.

Ho forstår godt at for uerfarne sopplukkarar så kan det vere utfordrande å ta fatt på jakta etter skogens gull.

– Når ein forstår skilnaden og lærer det, så blir det veldig kjekt.

I faktaboksen til høgre kan du lære meir om kva Anne Bråten Seljeset meiner kjenneteiknar nokre av dei ulike soppslaga du kan finne i skogen.