Hopp til innhold

Åtvarar mot snøskredfare i Sogn og Fjordane

Store nedbørsmengder fører til snøskredfare på nivå tre i Sogn og Fjordane.

Birgit Katrine Rustad

FARE FOR SNØSKRED: Geolog og snøskredvarslar Birgit Katrine Rustad.

Foto: Pressefoto

– Det at det kom mykje nedbør i samband med, og i etterkant av ekstremvêret Tor, kombinert med vind har ført til at det har bygt seg opp store mengder med snø i le-område, seier geolog og snøskredvarslar Birgit Katrine Rustad.

Fredag og laurdag var ein oppe på faregrad fire, men litt lågare temperaturar har gjort at ein har nedgradert til faregrad tre. Men faregrad tre betyr framleis betydeleg rasfare.

– Vi ser av statistikken at det er på faregrad to og tre vi har flest ulukker. Då er kanskje vêret så bra at folk lar seg freiste til å gå ski, og går inn i område som er rasfarlege, seier Rustad.

– Kor farleg er faregrad tre når det gjeld snøskred?

– Vi har vurdert det slik at einskild skiløparar kan løyse ut skred. Med faregrad tre, betydeleg snøskredfare, oppmodar vi folk om å vere forsiktige og kanskje også unngå snøskredterreng.

Snøskredfaren kjem til å vere stor også måndag, for oppdaterte snøskredvarsel sjå varsom.no