Åtvarar mot snø og kraftig vind: – Her må du halde på hatten

No kjem snøen, både i nord og sør! Meteorologane har sendt ut gult farevarsel, og i tillegg er det venta kraftige vindkast fleire stadar.

Her kjem uvêret inn over Sørlandet torsdag 24. september 2020.

HEFTIGE VINDAR: Her kjem uvêret inn over strendene i Agder torsdag.

Foto: Siv Bente Ulvestad

  • Gult farevarsel for snø i sørlege fjellstrok og Saltfjellet.
  • Det er gult farevarsel for vindkast på 25-30 m/s i Møre og Romsdal og Trøndelag.
  • Det er heftige vindkast inn over Sørlandet og Austlandet torsdag.
  • Hovudredningssentralen for Sør-Noreg fortel at dei har hatt ein travel dag og ber folk i Sør-Noreg om å sikre lause gjenstandar.

– Her må du halde på hatten, seier hobbyfotograf Siv Bente Ulvestad. Ho kunne på trygg avstand sjå uvêret kome inn over Sørlandet torsdag.

Alt i dag skal det snø på Saltfjellet i Nordland. Fram til torsdag kveld kan det kome opp mot fem centimeter snø som kan leggje seg på vegen.

– Køyr forsiktig, er oppmodinga frå meteorologane på Twitter.

Men kong vinter slepp ikkje taket så lett. For natt til laurdag og utover laurdag er det meir snø på gang. Då må vinterdekka fram om du skal køyre bil i Sør-Noreg og i indre og nordlege strok på Austlandet.

10 centimeter snø

– Det kan vere lurt å sjekke vêrforholda og finne fram vinterdekka om du skal ut og køyre bil i fjellet til helga, seier statsmeteorolog Magnus Ovhed.

– Snømengda vil nok variere, men det kan kome så mykje som 10 centimeter enkelte stader, forklarar Ovhed.

Gult farevarsel om snø.

SENDER UT FAREVARSEL: I enkelte område kan det kome opp mot 10 centimeter med nysnø på vegane, åtvarar meteorologane.

Foto: Meteorologisk institutt

Han fortel det er helst austsida av fjella som vil få merke kong vinter mest.

– Vi ventar at det vil kome snø frå 700–900 meters høgde og oppover, varslar meteorologen.

Kraftige vindkast i Oslo

Samstundes får folk lenger sør på Aust- og Sørlandet også kjenne på haustvêret. For når det skal snø i fjellet, skal det blåse kraftig langs kysten frå Kristiansand og austover mot Oslo og grensetraktene.

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel om kraftige vindkast på opp mot 20 meter i sekundet frå nordaustleg retning. Vinden skal løye utover laurdag ettermiddag.

Laster Twitter-innhold

Utover i komande veke skal vêret derimot roe seg litt. Vêrvinnaren vert Nord-Noreg, som har lagt bak seg eit par veker med flaum og vindkast på opp mot 40 meter i sekundet. Alt frå måndag kjem sola tilbake og gir varme og rolege haustdagar.

Fine haustdagar

– Frå måndag byggjer det seg opp eit høgtrykk som legg seg over Kolahalvøya i Russland. Det gir frålandsvêr i Nord-Noreg som gjer at vi slepp unna dei verste byene. Det blir ofte klarvêr med den vindretninga, seier statsmeteorolog Ola Bakke Aashamar.

Lenger sør vert det litt meir rufsete og ustabilt.

– Komande veke vert nok prega av lågtrykk og ustabilt ver i heile Sør-Noreg. Men vi vil få periodar med opphaldsvêr, spesielt på Vestlandet, seier statsmeteorolog Magnus Ovhed.

Trevelt i Larvik

TREVELT: Hausten er verkeleg i ferd med å ta tak i landet vårt. Her frå Larvik torsdag.

Foto: Even Sannes