Hopp til innhold

Åtvarar mot p-pillar

Turid Birkeland meiner p-pillen er årsaka til at dottera Eirin døydde berre 27 år gamal.

Turid Birkeland mistenker at p-pillen Yasmin er årsak til at dottera Eirin (27) døydde av blodpropp.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Eirin døydde av blodpropp like før jul. Ho gjekk då på p-pillen Yasmin.

- Var heilt frisk

P-pillen Yasmin.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Eirin var fleire gonger inne på sjukehus. I følgje mor hennar avdekka verken prøvar eller røntgen noko blodpropp. Turid har heller ikkje fått anna forklaring på kvifor dotter hennar fekk blodpropp.

- Det var ingenting som tilsa at ho skulle døy. Eirin var ei heilt frisk og ung jente, fortel Birkeland som fekk stadfesta med ein overlege at sjansen var stor for at p-pillen var årsak til blodproppen.

Fare for blodpropp

Professor Per Morten Sandset ved Ullevål Universitetssjukehus seier at nyare p-pillar aukar faren for blodpropp enn eldre merker.

- Dei aller første p-pillane på marknaden hadde veldig høgt innhald av østrogen. Dei hadde veldig høg sjanse for blodpropp. Så kom det vi kallar andregenerasjons p-pille som hadde mykje lågare risiko. No er det utvikla nye p-pillar som har mindre biverknadar, men som kan ha fire gonger så høg risiko for å få blodpropp, som andregenerasjons p-pille, seier han.

- Yasmin er ikkje farlegare

Legemiddelverket opplyser at det ikkje finst noko dokumentasjon på at bruk av p-pillen Yasmin utgjer ein større risiko for blodpropp enn andre p-pillar. Medisinsk rådgjevar for Bayer Schering Pharma i Norge, som står bak produksjonen av p-pillen Yasmin, Inger Øverlid, seier det alltid er risiko for blodpropp ved bruk av p-pillar.

- Men vi har studier som viser at det er akkurat same risiko uansett kva type p-pille ein nyttar, seier Øverlid.