– Varslingsrutinane er for dårlege i norske kommunar, seier korrupsjonsekspert Birthe Eriksen, etter at ordførar i Bergen, Trude Drevland (H) fredag blei sikta for grov korrupsjon.
Universitetslektoren ved NHH meiner det finst korrupsjonssaker i norske kommunar som aldri har kome fram i lyset.
– Ei årsak er at tilsette ikkje torer å varsle om mogeleg korrupsjon. Frykta for å bli utsett for sanksjonar trur eg er høgst reell i rundt om kring i kommune-Noreg, seier eksperten.
Kjenner ikkje til tilsvarande saker
Saman med hamnesjefen i Bergen, Inge Tangerås, er ordføraren sikta for grov korrupsjon i den såkalla cruisedåp-saka.
– Det som er spesielt med denne saka er at den går i det høgste politiske nivået i ein kommune. Det ligg føre temmeleg alvorlege forhold, og vi kjenner ikkje til nokon tilsvarande saker i Noreg, fortel Eriksen.
– Det fins meir korrupsjon
Det finst likevel fleire alvorlege korrupsjonssaker frå Kommune-Noreg dei siste ti åra. Mellom saka om Romerrike vassverk, korrupsjonssaka tilknytt Ullevål universitetssjukehus og saka mot mellom anna ein tidlegare vedlikehaldssjef i Bærum kommune. Dei fleste korrupsjonssakene har gått føre seg på byråkratisk nivå.
– Eg reknar med det finst meir korrupsjon enn det som kjem til overflata, og det er eg ikkje den einaste i mitt fagmiljø som meiner. Det er sjølvsagt vanskeleg å spekulere i kor mykje det er snakk om, men fellestrekk er at sakene ofte viser seg å vere svært alvorlege når dei kjem fram i lyset, fortel Eriksen.
– Både Høgre og kommunen har ein jobb å gjere
Eriksen sat sjølv i byrådet i Bergen for Høgre, og er overraska over det som skjer i hennar eiga parti, i hennar eigen kommune.
– Eg trur dette kom som ei overrasking. No må ein nytte mogelegheita til å ta tak og sikre at ein gode nok varslingsrutinar og ein god leiings- og organisasjonskultur, seier Eriksen.
Ikkje berre Høgre i Bergen, men også Bergen kommune har ein jobb å gjere framover meiner Eriksen.
– I tillegg bør politi og påtalemyndigheitene evaluere si handtering av saka. Det finst mykje god kompetanse på korrupsjon i Noreg, ikkje minst i Økokrim, men det betyr ikkje at kompetansen er like høg i alle politidistrikt, seier Eriksen.