Hopp til innhold

«Tørraste perioden i manns minne»

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane åtvarar no på det sterkaste om ekstremt stor fare for skogbrann. Ein kombinasjon av svært tørt terreng og lite tilgjengeleg vatn gjer at dei ber folk tenkje seg om.

Brann Bremanger

TØRT OG LITE VATN: Alarmsentralen åtvarar mot svært stor brannfare, slik brannen i Bremanger torsdag var eit døme på.

Foto: Otto J. Hermann

– No må folk bruke hovudet, og vere veldig forsiktige, dersom dei til dømes vel å lage seg eit kaffibål eller bruke eingongsgrill.

Det seier fungerande leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Roy Humlestøl.

Torsdag kveld vart eit område på rundt 10 mål svidd av i ein kratt- og lyngbrann i Bremanger, etter at ei kaffibål kom ut av kontroll.

– No bør folk vere veldig forsiktige med å gjere opp eld. Det bør folk absolutt respektere. For som vi ser, det får store konsekvensar når det kjem ut av kontroll, seier Humlestøl.

Veldig tørt og lite vatn

Meteorologisk institutt sende fredag ut OBS-varsel om lokalt stor skogbrannfare i Sogn og Fjordane, heilt fram til det kjem nedbør av betydning.

Og Humlestøl ved Alarmsentralen seier denne sumaren er spesiell. Han seier det er tørt i heile fylket.

– Det er veldig tørt. Det er nesten slik at i manns minne er det ikkje nokon som kan hugse at det har vore så tørt. Det betyr svært stor brannfare, seier Humlestøl.

Kollegaen hans ved Alarmsentralen, vaktleiar Frode Korneliussen sa i morgontimane fredag at brannfaren er ekstremt stor.

Og i tillegg til at det er tørt i terrenget, er mangelen på vatn eit stort problem mange stader.

Fredag la Luster kommune ned vatningsforbod frå kommunalt nett på grunn av høgt forbruk og fint vêr over lengre tid. Kommunen fryktar vassløyse dersom ikkje forbruket vert halde på eit lågt nivå i denne perioden.

Lite vatn gjer det vanskelegare å sløkke brannar på eit tidleg tidspunkt.

– Elvar der det vanlegvis er vatn i er nesten tørre. Mindre tilgang til vatn betyr at vatnet må transporterast lenger. Slike ting tek tid. Det gjer sløkking av brannar meir utfordrande, seier Humlestøl.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann i Bremanger

UNDER OPPSYN: Åtte brannmenn held vakt på brannstaden i Bremanger natt til fredag og utover fredagen, for å sikre at brannen ikkje blussa opp att i det tørre og varme terrenget.

Foto: Bjørn Wefring

– Det kan lett kome ut av kontroll

Totalt var mellom 20 og 25 mann frå brannvesenet i Bremanger og Florø og Sivilforsvaret i aksjon under brannen på fjellet i Bremanger.

Brannen vart stogga rundt 10 meter frå ein granskog. Ifølgje innsatsleiar på staden, Stig Holm, var hovudoppgåva å stogge flammane før dei fekk tak i granskogen som kunne leia flammane ned i dalen mot bygda.

– I Bremanger vart brannen sløkt og det gjekk bra. Ingen hus eller bygningar gjekk med. Men vi har jo friskt i minne det som skjedde i Trøndelag der det kom heilt ut av kontroll, og spreidde seg over store område, seier Humlestøl.

Roy Humlestøl

SKULLE ØNSKE: Fungerande leiar ved Alarmsentralen, Roy Humlestøl, seier helikopterberedskapen gjerne skulle vore betre, spesielt slik vêret og vasstilgangen er no.

Foto: Privat

Han legg til at brannane lett kan kome ut av kontroll dersom det er mykje vind, og det tek lang tid før vatn kjem fram.

Sløkt på gamlemåten i Bremanger

Fjellet der 10 mål kratt og lyng vart svidd av, ligg rundt ein times gonge frå nærmaste veg.

– Der vart det sløkt på den gamle, manuelle måten med piskar. Det er effektivt, for i slike område er det vanskelegare å få fram det tunge utstyret, med pumpe slangar og vatn, som sjølvsagt er endå meir effektivt, seier Humlestøl.

På eit tidspunkt natt til fredag blussa brannen opp att, men mannskapa som held vakt fekk kontroll på få minutt. Heile fredag har mellom seks og åtte mann halde brannvakt på staden der det brann.

I Bremanger vart det fortlaupande vurdert å be om assistanse frå helikopter. Så lenge busetnad ikkje var i fare, valde dei å freiste å sløkke brannen utan helikopter og utan vatn.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video filma av brannmannskapa som kjempar mot flammane.

Video filma av brannmannskapa som kjempa mot flammane oppe på fjellet i Bremanger. Foto: Arne Rebni

– Helikopter med vatn er det som må til

– Kva beredskap har de dersom det vest tenkelege skjer og det byrjar å brenne?

– Vi har den vanlege beredskapen med brannvesenet og ressursane deira. I tillegg har vi Sivilforsvaret som bidreg med personell og utstyr, seier Humlestøl.

Han fortel vidare at lokalbefolkninga, ofte gjennom bønder med gyllevogner, også kan vere heilt avgjerande.

– Vi har også nasjonale ressursar, slik som skogbrannhelikopter. Men for Sogn og Fjordane og andre fylke som ligg i utkant av denne beredskapen, tek det tid før slike ressursar kan kome inn og verte effektive i ein brann.

– Skulle du ønske at det var betre helikopterberedskap?

– Normalt sett er det tilstrekkeleg helikopterberedskap. Men slik vêret er no, hadde det vore eit ønske å ha betre og nærmare helikopterberedskap, for det er veldig effektivt. Dei kjem til overalt med vatn til for å sløkke, og det er ofte det som må til for å sløkke den typen brann vi såg i Bremanger, seier Humlestøl