Åtvarar mot bålbrenning i terreng

110-sentralen har tysdag kveld fått melding om mogleg bålbrenning ved Sandviksbatteriet. Tidlegare tysdag rykte Alver brannvesen ut til bråtebrenning. Vaktkommandør Håkon Myking viser til det generelle bålforbodet frå 15. april. – Det er lov i eigen hage, men no må folk vera forsiktige med det dei held på med. Eg oppmodar folk til å levera hageavfall til gjenvinning framfor å brenna.