Åtvarar mot å køyre på sommardekk

Snø og isdekke på fjellovergangane og snø i låglandet gjer at Statens vegvesen no åtvarar mot å leggje ut på tur med sommardekk.

Vanskelege køyreforhold fleire stader etter snøfall på heile Vestlandet 12. mai.

Vanskelege køyreforhold fleire stader etter snøfall på heile Vestlandet 12. mai.

  • Det er gult farevarsel for snø både i sør og i nord
  • Statens vegvesen slår fast at over fjellet er det vinterdekk som gjeld

– Det er farleg å køyre å køyre med sommardekk på snø, slår Jan Marøy ved vegtrafikksentralen i Bergen fast.

Ei rekkje stader i Noreg snør det tett og på fjellovergangane både i Sør-Noreg og Nord-Noreg er det meldt om vanskelege køyreforhold.

– Folk ringer inn og etterlyser brøyting. Vi har ringt entreprenørane, seier Marøy.

Bil som har havnet av veien og som ligger på siden ved Glomset i Ålesund.

RETT I GRØFTA: Vestlandet blei råka av kraftig snøfall tysdag.

Foto: NRK-tipser

Buss hamna i grøfta

Ein buss med skuleelevar hamna i grøfta ved Tjellekleiva mellom Eidsvåg og Kleive i Molde kommune.

Bussen skal ha sklide av i svært sakte fart.

– Alle elevane som var om bord er i god behald og skal ha kome seg til skulen litt forsinka, seier rådgivar Frode Kvalheim i Fram.

Vinterføre på vegane i Møre og Romsdal 12. mai
Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Snødekte vegar

På Leikong i Herøy frontkolliderte to bilar i 70-sone på fylkesveg 71. Begge bilane har sommardekk.

– Ein av dei involverte klaga på smertar i brystet, opplyste politiet.

På riksveg 7 over Hardangervidda er det innført kolonnekøyring på grunn av uvêr.

– Overgangane er opne, men det er snø og isdekke. No er vi klar for vår, kommenterer Jan Marøy i Statens vegvesen.

Langtransportsjåfør Sten Inge Humborstad fortel til NRK at det slett ikkje er sommardekkføre der har han har køyrd i dag.

– Folk må ta det med ro og sommardekka kan vere igjen heime, seier Humborstad som har sett fleire bilistar med problem på det glatte føret.

Laster Twitter-innhold
Må bytte dekk 12. mai

MÅTTE BYTTE: Ein NRK-tipsar var ikkje særleg nøgd med vêrforholda 12. mai.

Foto: NRK-tipsar
Brøyting i Molde 12. mai 2020.

VÅR-BRØYTING: I Molde måtte brøytebilen ut på oppdrag 12. mai.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK
E39 Gjemnessund i Møre og Romsdal 12. mai 2020.

GLATT: Slik ser det ut på Gjemnessundbrua på E39 i Møre og Romsdal tysdag morgon.

Foto: Statens vegvesen