Hopp til innhold

Forbrukarrådet åtvarar desperate studentar

Studentar over heile landet slit no med å finne seg ein stad å bu. Då er det lett å takke ja til ein bustad du ikkje har sett. – Det bør du vere forsiktig med, seier Forbrukarrådet.

Låser opp døra

KAMP OM STUDENTBUSTADAR: Det er hard rift om Studentsamskipnaden i Bergen sine bustadar, og mange lyt over på den private leigemarknaden. – Bruk kontrakt og ikkje leig usett, lyd rådet frå Forbrukarrådet.

Foto: Kim Jansson / NRK

Med under ein månad til semesterstart ved høgskular og universitet kring om i landet, er det mange som skal kappast om å finne ein eigen stad å bu.

Allereie no står over 4000 studentar i kø for å få studentbustad i Oslo og Akershus. Og også i Bergen er det vanskeleg å finne hybel, seier Tor Sivertsen Prestegard, leiar i Velferdstinget i Bergen.

– Temperaturen i studentbustadmarkedet er veldig, veldig varm, og studentane slit med å finne seg ein stad å bu. Veldig mange står i kø og ventar på hybel, seier Prestegard.

LES OGSÅ: Kamp for studentane å få bustad - Hordaland

– Ikkje la deg lure

Ann Hege Skogly

– KREV DEPOSITUMSKONTO: Det er eit av råda frå Anne Skogly i Forbrukarrådet.

Foto: Kjell HÃ¥kon K. Larsen / Forbrukerrådet

Når kampen om ein eigen bustad er stor, kan det vere lett å falle for freistinga og takke ja til ein bustad ein ikkje har sett.

Gjer ein det, bør ein vente med å betale og signere kontrakten til ein har sett hybelen, seier Ann Hege Skogly i Forbrukarrådet.

– Uheldige hybeljegerar har opplevd å betale for ei leilegheit som ikkje eksisterer andre plassar enn i ein annonse. Det hender også at den som gir seg ut for å vere utleigar slett ikkje disponerer bustaden, seier Skogly.

Ein bør også passe på at alle skader på leilegheita er ført opp i kontrakten.

– Ikkje sjeldan blir leigetakar og husvert ueinige om skader på bustaden i etterkant, eller utleigar kan hevde at noko er blitt borte. Bruk derfor overtakelses- og tilbakeleveringsskjema for å sikre deg mot krav etter at du har flytta. Her bør det komme fram kva skader som allereie finst i leilegheita når du overtek den.

– Uheldige hybeljegerar har opplevd å betale for ei leilighet som ikkje eksisterer andre plassar enn i ein annonse.

Anne Skogly i Forbrukarrådet

– Skal du leige saman med andre, er det smart å ha kvar sin individuelle kontrakt med utleigar, eller ein felles kontrakt med alle namna. Dersom berre ditt namn står på kontrakten, er du for eksempel ansvarleg viss nokon ikkje betalar leiga, seier Skogly.

LES OGSÅ: Bergen gir bort gratis tomt - Hordaland

Krev depositumskonto

Forbrukarrådet åtvarar mot å setje depositum inn på utleigarens personlege konto.

– Då har du har ingen kontroll, og det kan bli vanskeleg å få igjen pengane, seier Anne Skogly.

Ifølgje Forbrukarrådet kan utleigar ikkje krevje at depositum skal dekke meir enn seks månadar med husleige. Depositum skal settast på eigen depositumskonto, og den skal stå i leigetakarens namn.

– Som student er det viktig å vite at det er unntak frå denne regelen for Studentsamskipnadane. Dei kan sette pengane dine på ein felles depositumskonto som høyrer til foreininga, legger ho til.

– Viktig å vere kritisk

Tor Sivertsen Prestegard, leiar i Velferdstinget i Bergen er samd med Forbrukarrådet: sjølv om det er vanskeleg å få seg hybel, bør ein ikkje leige usett.

– Det er ikkje lurt. Det er regel nummer ein. Ein bør komme seg på vising sjølv, eller få andre til å gå på vising for ein.

Prestegard seier husleigemarknaden i Bergen strekker seg frå seriøse utleigarar til dei som leier ut brannfeller til blodpris.

– Derfor er det så viktig å vere kritisk til det ein leiger og undersøke bustaden godt før ein leiger den.

– Sjekk alt som har med brann å gjere, sikringsskap, branntrapp og så vidare. Sjekk oppseiingstida og depositum. Mange betalar depositum til husleigar sin private konto. Den bør stå i begge sitt namn slik at ingen kan ta ut pengane utan begge sitt samtykke.

Skulle uhellet vere ute

Viss du er ueinig med utleigar om noko, og de ikkje greier å løyse saka, finst det eigne husleietvistutval i Oslo, Trondheim og Bergen, opplyser Forbrukarrådet.

Har ikkje lærestaden din eit slikt utval, kan du gå til Konfliktrådet eller Forliksrådet. Som student kan du få juridisk rettleiing av studentar i Tromsø, Trondheim, Oslo og Bergen.

LES OGSÅ: Huskjøparar fryktar uventa utgifter - NRK – Norge

.