Hopp til innhold

Attvald som leiar av målungdomen

Janne Nygård (21) frå Jølster er attvald som leiar av Norsk Målungdom.

Janne Nygård

NYTT ÅR SOM LEIAR: Janne Nygård frå Jølster har fått tillit frå medlemmane i Norsk målungdom, og får vere leiar eitt år til.

Foto: Pressefoto

Etter eitt år i leiarrolla fekk ho på landsmøtet søndag ny tillit i organisasjonen.

– Det er kjempekjekt, og veldig moro at eg får tillit på ny, seier Nygård glad.

- Vil jobbe med norskfaget

Inger-Lise Kvamme Aaland

NYNORSK-FORKJEMPAR: Inger-Lise Kvamme Aaland frå Selje kommune er med i landsstyret til Norsk Målungdom.

Foto: Odin Horthe Omdal/NMU

Norsk Målungdom arbeider spesielt med rettane til nynorskelevar og nynorsk i skulen. I året som kjem organisasjonen jobbe mykje med norskfaget, fortel Nygård.

– Det er mykje diskusjonar rundt norskfaget og kva ein skal gjere med det. Difor kjem vi til å jobbe mykje med mellom anna sidemålsopplæringa og lærarutdanninga, seier Nygård.

Nygård fekk også selskap frå heimfylket i dei styrande organ i organisasjonen.

Inger-Lise Kvamme Aaland frå Stadlandet i Selje vart valt inn i landsstyret for fyrste gong i 2010.

Vil ha seriøs forsking på sidemålet

På landsmøtet har dei mellom anna gått inn for at dei ønskjer at seriøse forskingsinstitusjonar skal sjå nærare på kva som kan gjere sidemålsopplæringa betre.

– Vi arbeider fram mot stortingsvalet, der det kan kome parti inn på stortinget som ikkje er samde med oss om språkopplæringa, seier Nygård og legg til:

– Vi meiner det er viktig å ha eit godt grunnlag når vi skal diskutere kva som skal skje med norskfaget, og difor er slike forskingsarbeid viktig.