Hopp til innhold

Asylsøkjar i stor narkotikasak

Ein 28 år gamal asylsøkjar frå Sogn og Fjordane er tiltalt i ei av dei største narkotikasekene i Rogaland dei siste åra.

Heroinbeslag Stavanger lufthavn Sola

Det var i denne kofferten at tollarane fann heroin for nær to millionar kroner.

Foto: Tollvesenet

Mannen vart arrestert i samband med at ein ungarsk mann vart pågripen med 1,75 kilo heroin i kofferten på Stavanger Lufthamn i september i fjor.

- Det var eit stort beslag på Vestlandet generelt sett. Isolert sett var det det største enkeltbeslaget på fleire år på Stavanger Lufthamn, seier politiadvokat Magnus Jåtun ved Rogaland politidistrikt.

14 000 brukardosar

Beslaget har ein gateverdi på kring 1,75 millionar kroner og tilsvarar kring 14 000 brukardosar. I tillegg til asylsøkjaren frå Sogn og Fjordane, må også kureren og hovudmannen møte i retten når saka startar i Stavanger tingrett 14. juni.

- Hans rolle var å skaffe til veges billettar til han som frakta stoffet til Norge, seier Jåtun om rolla til asylsøkjaren frå Sogn og Fjordane.

Nektar straffskuld

Forsvararen til 28-åringen seier klienten hans nektar straffskuld i saka. Politiet meiner derimot at 28-åringen var klar over kva han var med på.

- Det er det ganske mykje som underbygger. Han var kjent med tredjemannen i saka, som det viste seg hadde organiserte det heile. Han er også under tiltale for å ha seld heroin til fleire personar i Bergen,

Tidlegare dømd

Mannen politiet reknar som hovudmannen, ein afrikanar busett i Spania, har tilknytning til både Bergen og Oslo. Han var også med på flyet frå Spania då beslaget vart gjort. Mannen er tidlegare dømd for innførsel av kokain til Tyskland.

- Det er uvisst kvar stoffet skulle ta vegen, seier Jåtun om mannen som også er tiltalt for å ha overført 2,6 millionar kroner til ei rekkje personar i Nigeria, Polen og USA. Dette er pengar politiet meiner han har skaffa seg gjennom kriminalitet.

Har tilstått

Alle dei sikta i saka sit framleis varetektsfengsla. Strafferåma er fengsel i seks til åtte år, men det kan også kome til både formildande og straffeskjerpande omstende.

Berre kurereren har så langt tilstått forholdet. Det er sett av fire dagar til rettssaka i Stavanger tingrett.