Hopp til innhold

Astrupmåleri seld for 3,1 millionar

Astrup-måleriet "Soleienatt" vart torsdag seld for 3,1 millionar kroner på ein auksjon i London.

Det var fire personar som baud på måleriet, og seljaren Pacific Luthern University, er nøgd med prisen, skriv avisa Firda.

Pengane skal gå til det skandinaviske kultursenteret på universitetet.

Nikolai Astrup laga 13 utgåver av måleriet, men før 2005 var det ukjent at det eksisterte eit motiv i USA.