Alternativet som fekk prosentvis flest stemmer var Nei-alternativet, med at Askvoll held fram som eiga kommune. Men fleirtalet, 60 prosent, er for samanslåing. Fleirtalet har fordelt seg på alternativa med samanslåing i HAFS og samanslåing med såkalla Liten SIS, Førde, Gaular og Naustdal (sjå resultat under).
– Dette er ikkje heilt uventa. Det som kanskje var litt meir uventa var at HAFS-alternativet kom svakast ut, seier Høgre-ordførar Frida Melvær i Askvoll.
– Min umiddelbare tanke er at dette ikkje blir lett å tolke for kommunestyret. Her kan ein eigentleg nesten tolke det i alle retningar. Så det er ikkje ei lett oppgåve vi står framfor no.
– Eg kjenner eg er litt matt
Kort tid etter at røystene i kommunen er talde opp vedgår ordføraren at resultatet ikkje vart slik ho hadde håpa på. Valoppslutnaden i kommunen er på 50,6 prosent, noko som ifølgje Melvær betyr at det er over 1000 innbyggjarar med røysterett som ikkje har sagt sitt.
– Eg hadde håpa på sterkare oppslutnad. På same tid frykta eg verre oppmøteresultat, fordi eg veit at mange har vore usikre. Så det er ikkje så verst, men eg hadde håpa på betre resultat og eit tydlegare signal, seier Høgre-ordføraren som tydeleg er litt skuffa.
På fredag skal formannskapa i Sunnfjord og Ytre Sogn møtast til eit felles møte, før kommunestyret i Askvoll den 20. april skal ta opp att saka for å diskutere vegen vidare.
– Nett no kjenner eg at eg er litt matt. Dette blir ikkje noko enkelt oppgåve. Som sagt trur eg at kvar enkelt kommunestyrerepresentant kan tolke dette i den retninga dei vil, seier Melvær seint måndag kveld.
Sjekk resultata frå alle folkerøystingane og innbyggjarundersøkinga i dei andre kommunane her.