Hopp til innhold

Askøyværing til Tour de France

Odd Christian Eiking blir ein del av Uno-X-laget som skal delta i Tour de France i sommar. Rittet startar i Firenze laurdag 29. juni og blir avslutta i Nice 21. juli.
Det var teamsjef Thor Hushovd som presenterte sine åtte utvalde på Ensjø i Oslo. Eiking skal delta saman Alexander Kristoff, Magnus Cort, Søren Wærenskjold, Jonas Abrahamsen, Rasmus Fossum Tiller, Johannes Kulset og Tobias Halland Johannessen.

Odd Christian Eiking
Foto: Fredrik Varfjell / NTB