Askøy-båten assisterte fritidsbåt

Norled melder om forseinkingar i sambandet Askøy-Bergen fordi at Askøy-båten måtte assistera ein fritidsbåt i Hetlevik på Askøy. Naudetatane rykka ut etter melding om røyk i fritidsbåten med tre personar om bord. Hovedredningssentralen koordinerte hendinga. Røyken kom frå motor, men det var ingen brann. Det er andre gong på ei veke at dette har skjedd.