Hopp til innhold

Asfaltbil har falle ned skrent

Ein asfaltbil har falle ca. 10 meter ned ein skrent i Industrivegen i Os. Det skal ikkje vera personskade, men store materielle skadar på lastebilen. Det skal òg vera mindre skader på ein personbil som er treft. Brannvesenet har vore på staden og sikra skadestaden. Ca. 1 tonn varm asfalt har runne ut i området. Klokka 10.05 melder brannvesenet at dei er ferdige på staden, og at det aktuelle firmaet står for vidare opprydding av asfalten.

asfaltbil velta i Os
Foto: Kenneth Svenningsen / Os & Fusaposten