Åse vart kreftfri etter «umogeleg» behandling

Ny, norsk kreftbehandling skreddarsyr kur etter akilleshælen til kreftcellene. Kreftforskarar hadde konkludert med at behandlinga var umogeleg. No vekker forskinga internasjonal oppsikt.

Åse Bidne

KREFTFRI: Åse Bidne vart kvitt kreften etter forskingsprosjektet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

I ei lita raud bok har Åse Bidne skrive ned alt frå tida med brystkreft. For fire år sidan skreiv ho ned dei første linjene.

«Huff, dette vert vanskeleg! Eg føler meg usikker og sårbar.»

Og det vert tunge dagar for vossingen. Under den tyngste behandlinga vil ho berre ligge på eit mørkt rom og kvile.

Men i boka står det og om håp.

«Eg vil berre komme i gang! Eg vil berre bli frisk».

Åse Bidne har skrive ned tankar frå kampen mot kreften

Åse Bidne skreiv dagbok frå tida med kreft.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Finn kreften sin svake punkt

Bidne hadde fått tilbod om å vere med i eit forskingsprosjekt på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Her har kreftlegane finstudere svulsten hennar for å finne dei svake punkta i genane.

– I staden for å sette pasientane rett på cellegift analyserer vi kreftcellene i ein svulst. På den måten kan vi finne dei svake punkta og skreddarsy ei behandling.

Det seier professor Per Eystein Lønning. Han er professor ved UiB og overlege på Kreftavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

Lønning har saman med to andre professorar frå UiB, Hans Petter Eikesdal og Stian Knappskog, leia studien som har deltakarar frå alle regionar i Noreg. Den har allereie vekt oppsikt over heile verda.

Prøver frå kreftsvulstar på Haukeland

Prøver av tusenvis av kreftsvulstar er lagra på Haukeland universitetssjukehus

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ny kunnskap og ny teknologi

Alle celler i kroppen har om lag 22.000 gen. Genfeilene i cella er det som gjer at den utviklar seg på ein farleg måte og vert ei kreftcelle.

Ved hjelp av super-maskiner kan dei no analysere alle genane i ein svulst. Forskarane ved UiB har lært seg å tolke data slik at dei betre forstår korleis å angripe kreften.

Det er ein komplisert prosess som treng folk med ulik ekspertise. Professor Stian Knappskog kan lese av cellestrukturen der den er lagt fram som ein rund figur.

– Genfeil som i utgangspunktet er farlege går å snu til vår fordel. Vi finn kreftcellene sin akilleshæl, og korleis vi best kan angripe den.

Professor og kreftforskar Per Eystein Lønning

Professor Per Eystein Lønning har leia forskingsprosjektet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Eit steg mot framtida

Forskinga viser at ein kan bruke såkalla PARP-hemmarar på eit tidleg stadium av kreften, og at ein betydeleg del av brystkreftpasientar har gode resultat med dette.

Dette er noko ein tidlegare har konkludert med ikkje er mogeleg.

Gevinsten er ein meir treffsikker og mildare behandling for dei som har kreftceller med gen som passar medisinen.

Men Lønning er overtydd om at dei prinsippene dei bruker i denne brystkreftbehandling kan overførast til fleire kreftformer og til fleire medisintypar.

– Det er heilt sikkert at vi står framfor ein revolusjon i kreftbehandling. Kartlegging av genfeil i kvar enkelt svulst vil bli det styrande. Spørsmålet er ikkje om revolusjonen kjem, men når. Og denne studien er eit steg på vegen dit.

Slik kartlegg forskarane ei enkelt kreftcelle.

Slik kartlegg forskarane ei enkelt kreftcelle.

Illustrasjon: Per Eystein Lønning

– Har betydd alt

I dag er Åse Bidne kreftfri. Ho er særs takksam for at ho vart spurd om å vere med på forskingsprosjektet.

– Det har betydd alt for meg. Eg håper verkeleg at det innan kort tid vert vanleg at alle får ein slik behandling som eg har fått.

Ho innrømmer at ho ikkje veit kor ho hadde vore om ho måtte gjennom fleire cellegiftkurar.

– Det var tøft til tider. Eg veit ikkje kor mykje meir kroppen min hadde tolt, seier ho.

– Men no er eg glad for at eg har kome meg gjennom dette. Det gjer at eg set pris på kvar på ein heilt ny måte. Og at eg brenn for at vi skal prioritere forsking enno høgare.