Artsrike vegkantar: – Avgjerande for humler og bier

I fleire år har Statens vegvesen hatt nedtrapping i bruk av sprøytemiddel langs vegkantane. Det kan ha ført til fleire positive ringverknadar.

Blomstrande vegkantar

Artsrike vegkantar bidreg til å sikre betre levekår for pollinatorar som humler og bier.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Blomstrande vegkantar lyser opp gråe vegstrekkjer i heile landet. Sjølv om det er sesong for rikt planteliv har det likevel ikkje alltid vore frodig.

– Ein bruker mindre sprøytemiddel no enn tidlegare. Det har ført til at ein har fått anna type vekst i visse område, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Nye og betre metodar

Ved å slå langs vegkantane sørgjer Statens vegvesen for at bilistar har god sikt når dei er ute på vegane. Tidlegare vart det i større grad brukt sprøytemiddel for å få bukt med veksten.

Dette har snudd. Nye og betre metodar skal sørgje for at bilistar ser kvar dei køyrer samstundes som at det vert teke omsyn til både planter og insekt.

– No har ein mykje bra slåtteutstyr som gjer at ein får slått der på ein fornuftig måte i staden for å bruke sprøytemiddel, seier Finden.

Han seier at vegkantane vert slått etter eit visst mønster som både er tilpassa frøing slik at vegetasjonen får replante seg, men som også skal bidra til å avgrense spreiing av planter som ein ikkje ønsker.

Humle langs vegkant

Humle finn seg mat på Lupin langs vegkanten.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Dette er noko Vegvesenet har hatt fokus på i fleire år.

– Vi ønska å bruke mindre sprøytemiddel for å bevare vegetasjonen og miljøet på ein god måte, seier Finden og påpeiker at dette også bidreg til å ta betre vare på insekt langs vegane.

Viktig tiltak

– Det at vi får meir artsrikdom av blomar langs vegkantane gjer at vi får enda fleire leveområde for pollinatorar i landskapet, seier insektforskar Mari Steinert.

Landskapet har endra seg mykje dei siste hundre åra og vi har langt færre blomsterenger no enn før. Steinert seier at dette gjer at mange insekt ikkje har noko stad å leve lenger.

Forskarar har tidlegare åtvara mot total kollaps i naturens økosystem dersom ein ikkje sett i verk tiltak for å redde pollinatorar, som humler og bier.

Marit Steinert

– Eit mangfald av blomar vil kunne gi mat til eit mangfald av pollinatorar, seier Mari Steinert, som har ein doktorgrad i insektøkologi.

Foto: Gyda Steinert

– Eg vil sei at dei er avhengig av desse vegkantane. Så alle ressursbidrag til desse insekta er veldig bra.

Ho seier at ved å ha artsrike vegkantar så kan dette blant anna sikre mat til humler gjennom ein heil sesong, frå tidleg vår til seint på hausten.

Bønder bidreg i kampen for insekta

Også bøndene har sett i verk tiltak for å sikre mat til insekta. Ved å blant anna ofre delar av jordarealet frå åker, sikrar dei betre levekår for både blomster og bier.

– Blant bønder som driv med kornproduksjon vert det sådd fleire kilometer med blomstereng. Bær- og fruktbønder driv anten med bier sjølv eller leiger inn bier, med pollinering som hovudfokus, seier leiar i Sogn og Fjordane bondelag Anders Felde.

Anders Felde

Anders Felde er leiar i Sogn og Fjordane bondelag.

Foto: Artur do Carmo / NRK

I fjor blei det innført ei tilskotsordning for bønder som ønsker å bidra i kampen for dei pollinerande insekta.

Felde seier at bønder no har fått eit større fokus på det å legge til rette for både eit rikt planteliv og for pollinerande insekt.

– Vi har blitt meir opptekne av biomangfaldet no enn kva vi var for nokre år sidan, og vi ønsker oss meir insekt som humler og bier.