Hopp til innhold

Arsenal snuser på Sogndal-keeper

Arsenal har følgt Sogndals sisteskanse Kenneth Udjus dei fire siste kampane.

Kenneth Udjus

GUNNERS: Storspelet Kenneth Udjus har vist for Sogndal denne sesongen, har vakt interesse hos Arsenal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det er TV2 som måndag kveld melder at Premier League-klubben har sett Kenneth Udjus i aksjon dei siste fire kampane.

Arsenal-manager Arsène Wenger har frå før keeperane Manuel Almunia, Lukasz Fabianski og Wojciech Szczesny på lønningslista.

– Eg kan ikkje seie anna enn at dei har sett meg i aksjon, men noko meir ynskjer eg ikkje å seie, seier Udjus til NRK.no.

– Tenkjer ikkje på det

28-åringen frå Sørlandet har denne sesongen stått fram som ein av dei beste keeperane i landet. Etter ein solid start på sesongen, har Sogndal tapt dei fire kampane storklubben frå England skal ha sett Udjus i aksjon. Det har også blitt 11 baklengsmål.

Udjus kom frå Brann til Sogndal før fjorårssesongen. I fjor haust forlenga sisteskansen kontrakten med Sogndal. Den går ut etter inneverande sesong. Til TV2 seier Udjus at han trivast godt i Sogndal og at det er der han har fokuset.

– Det seier seg jo sjølv at det å spele for ein storklubb som Arsenal hadde vore enormt. Men dette er overhovud ikkje noko eg går og tenkje på, seier sørlendingen.