Hopp til innhold

Arrestert for vald mot spedbarn

  • FENGSLA I TO VEKER:

    Nordhordland tingrett har bestemt å fengsle mora som er sikta for vald mot eit spedbarn i to veker. Det bekreftar politiadvokat Inger-Lise Høyland til NRK. Mora får same restriksjonar som barnefaren, som vart fengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.

  • FRAMSTILLES FOR FENGSLING:

    Mora som er sikta for vald mot eit seks veker gamalt spedbarn blir no framstilt for fengsling i Nordhordland tingrett. Faren vart fengsla i fire veker med brev- og besøksforbod i går, og politiet har bedt om det same for barnemora. Ei avgjerd er venta rundt klokka 11.30.

  • FENGSLA I FIRE VEKER:

    Faren til eit seks veker gammalt spedbarn i Hordaland vart i dag varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Han er sikta for vald og lekamsskading mot barnet sitt. Mora blir framstilt for varetekstfengsling i morgon. Ingen av dei erkjenner straffskuld.

  • FENGSLINGSMØTE PÅGÅR:

    Fengslingsmøtet mot faren som er sikta for vald mot eit seks veker gamalt spedbarn i Hardanger er i gong. Møtet vil gå for lukka dører. Politiet vil be om fire veker varetektsfengsling og det er venta at mora blir framstilt for fengsling i morgon.