Hopp til innhold

Arild må rive huset for skipstunnel – men er glad for det

STAD (NRK): Arild Teigen synest det er heilt greitt å rive huset til fordel for verdas største skipstunnel. Men faren hans er fortvila.

Arild Teigen og faren Kåre Teigen i vinter

NY HEIM: Huset til Arild Teigen (t.h.) ligg midt i innslaget til Stad skipstunnel.

Foto: Sindre Blålid Kvalheim / Fjordenes Tidende

– Dette er ein lettens dag. No veit eg endeleg kva som skjer, seier Arild Teigen.

Han har bygd huset på heimgarden i Kjødepollen i Stad kommune med eigne hender.

No skal det bli jamna med jorda. Men Arild fortvilar ikkje, endeleg kan han legge planar for åra som kjem.

Eg har levd i eit vakuum her i ti år, og lurt på kva eg skal gjere. No veit eg korleis framtida ser ut.

Heimen hans ligg midt i innslaget til Stad skipstunnel. Heilt sidan 1980-talet har bygdefolket levd i uvissa – blir det tunnel eller ikkje?

Denne veka kom avklaringa. Etter årevis med utgreiingar sikra Frp byggestart i statsbudsjettet.

Stad skipstunnel

FORANDRAR BYGDA: Stad skipstunnel får innslaget sitt i Kjøde på Stad. Lengst nord i Vestland fylke.

Foto: Kystverket/Snøhetta

1000 milliardar på samferdsle

Nasjonal transportplan seier at Noreg skal bruke 1000 milliardar kroner på samferdsle i løpet av 12 år.

Over heile landet betyr det at folk må flytte frå heimane sine for å gi plass til vegar, jernbaner og tunnelar.

Men frå planane dukkar opp til spaden går i jorda, kan det ta lang tid.

I mellomtida må naboar leve i uvissa.

På Stange veit Arne Christian Konradsen at huset hans må vekk når jernbana mellom Oslo og Hamar får eit nytt spor. Han veit berre ikkje når.

Og i Vestland er folk spente på kva følgjer ferjefri E39 vil få for bygdene dei bur i.

Grunneigarane skal få erstatning

Prosjektleiar for Stad skipstunnel, Terje Andreassen i Kystverket, har hatt mange møter med grunneigarane.

Til samen må fire bustadhus rivast. Men etter 30 år med debatt, og 20 statlege utgreiingar kan bygdefolket få ro.

– Ein kan berre prøve sjølv å førestille seg denne uvissa, seier Andreassen.

Kystverket har henta inn takst og opplysningar om eigedomane.

– Vi har laga eit forslag til minneleg avtale som vi skal forhandle med grunneigarane om. Eg håpar dei blir nøgde. Utgangspunktet er erstatning til attkjøpsverdi i nærområdet, seier Andreassen.

Kjødepollen

KJØDEPOLLEN: Her kjem innslaget til Stad skipstunnel. Fleire må no flytte på grunn av skipstunnelen.

Foto: Alf Jørgen Tyssing / NRK

Blanda kjensler for far og son

– Eg synest det er bra at tunnelen kjem, no får vi litt statlege investeringar her på kysten også, ikkje berre i Oslo-gryta, seier Arild Teigen.

Men for faren Kåre Teigen er det verre. Han må sjå garden han har budd på heile livet bli øydelagt.

– Ein jævlige dag. Eg tenker på foreldra, besteforeldra, og meg sjølv som bygde opp garden. No er det over.

Men sonen må sjå framover.

– No er det å starte på nytt på ein ny plass. Eg flyttar til nabobygda Bryggja, eg har hustomta klar, seier han.

Arild Teigen

FLYTTEFOT: Arild Teigen har kjøpt seg ny tomt. Han må flytte når Stad skipstunnel vert bygd.

Foto: Alf Jørgen Tyssing / NRK