Hopp til innhold

Årets artist i Sogn og Fjordane

Sigrid Terese Moldestad vann Lutt-prisen 2007.

Sigrid Moldestad
Foto: Arne Eithun / NRK

I konkurranse med fem andre finalistar var det Sigrid Terese Moldestad frå Breim som stakk av med sigeren.

- Eg er heilt skjelven. Dette var kjempekjekt, seier Moldestad.

Fleire hundre personar var til stades i Sogningen storsenter då distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Kai Aage Pedersen delte ut prisen.

4000 røyster

Dei fem finalistane var Olaug Alvheim, Tonereise, Trine Marie Johansen, Sigrid Moldestad og Håvard Lothe. Omlag 4000 lyttarar vare med å røysta fram vinnaren av prisen.

Uttdeling av Lutt-prisen

Distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Kai Aage Pedersen deler ut prisen til Sigrid Terese Moldestad.

Foto: Arne Eithun / NRK

- Det gjer det ekstra stas at så mange var med å røysta, det betyr verkeleg mykje for meg, seier årets Lutt-vinnar.

I november kom Moldestad ut med albumet Taus, og rett etter kåringa i dag var det tid for signering av CD'en.

- Ja no skal eg ned på musikkforretningen her på senteret for å signere. Dette har vore ein strålande dag, seier Moldestad.

Høyr opptak av Lutt-sendinga