Her tar trailarane oppi taket når dei møtest. No lovar regjeringa ny tunnel

Etter mange års kamp kan smale og tronge tunnelar over Strynefjellet vere historie.

To vogntog møtes i tunnel på Strynefjell.

LITEN PLASS TIL PASSERING: Det kan vere ein prøvelse for yrkessjåførar å passere kvarandre i smale tunnelar på Strynefjellet.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Ei fantastisk nyheit. Vestlandet treng tunnelen og vi som jobbar her treng den, seier Dawid Krawczak, sjåfør for Thor Tenden Transport.

Strynefjellet er kortaste veg når varer skal fraktast frå Nordfjord og Søre Sunnmøre til Austlandet. Men smale og lange tunnelar har vore eit mareritt for sjåførane.

I vår låg ikkje Strynefjellsvegen inne i Nasjonal Transportplan, men torsdag vart det kjent at regjeringspartia likevel vil løyve 500 millionar kroner til oppstart av ny lang tunnel.

Fullfinansiering kjem i andre del av NTP-perioden 2022–2033, lovar Høgre, Venstre og KrF.

Krawczak har hatt vegen som arbeidsplass dei siste tretten åra. Han trur ny tunnel vil utgjere ein stor forskjell frå dagens standard.

– Tunnelen er veldig trong og smal. Nokre gonger er det vanskeleg å passere andre sjåførar, fortel han.

Merker i taket etter møte mellom to vogntog i tunnel på Strynefjellet.

SKADER: Det er merker fleire stader i taket i Strynefjellstunnelen. Når store vogntog møtest på dei smalaste punkta, er det så vidt det lar seg gjere å passere.

Foto: Trond Vestre / NRK

Trur på byggjestart om fire-fem år

Oppstartsløyving er lova for første delperiode av NTP 2022–2027. Førstekandidat for Venstre i Sogn og Fjordane og leiar i Nordfjordrådet, Alfred Bjørlo, trur på byggjestart i 2025–2026.

– Prosjektet var ikkje inne i NTP i vår. Kvifor kjem dette no?

– Vi har arbeidd ganske intenst i Venstre og dei andre regjeringspartia lokalt og i Vestland med å få regjeringa til å kome med ekstramidlar. Det har vore gått ein runde med regjeringa fordi prosjektet må på plass, seier Bjørlo.

Han seier prosjektet har vorte spelt inn frå tre fylke, men ikkje stått heilt øvst på prioriteringslista for nokon.

– I ettertid ser ein kor viktig prosjektet er for å binde saman fylka. Mobiliseringa i næringslivet har òg gjort inntrykk.

Rolf Olav Tenden

HELD IKKJE MÅL: – Strynefjelltunnelane er gått ut på dato. Dei er for tronge og usikre, seier Rolv Olav Tenden i Thor Tenden Transport.

Har venta lenge

Dagleg leiar Rolv Olav Tenden i Thor Tenden Transport har jobba for ei utbetring i ei årrekkje. Berre for få dagar sidan vart det arrangerte ein konvoi til støtte for ny Strynefjellsveg.

– Vi er veldig optimistiske slik det er lagt fram no, så vi håpar det blir ei god regjeringsforhandling, seier Tenden til NRK.

«Fantastisk» er reaksjonen til avdelingsleiar i VY buss i nordvest, Karin Vinsrygg.

– Dette har vi venta lenge på, og tenkt gong etter gong når skuffelsen kom at «skal det ikkje skje denne gongen heller?». Så dette er heilt strålande, seier Vinsrygg.

Tidlegare ordførar i Stryn, Sven Flo (H) har jobba i mange år for ny tunnel. No trur han tunnelen endeleg blir realitet.

– Partia som ikkje stiller seg bak i Stortinget får eit stort forklaringsproblem. No har regjeringspartia, Ap, Sp og Frp gått ut og gitt tommel opp. Så det må gjennom i Stortinget, seier Flo.

– Dagens veg er elendig

Også lenger sør kunne vegforkjemparar sleppe jubelen laus. Regjeringspartia vil også gi E134 Bakka-Solheim oppstartsmidlar i første NTP-periode. Også her er det sett av ein halv milliard kroner.

Den fire mil lange strekninga går frå Skjold og austover gjennom Knapphus, Ølen, Etne og til Stordalen. Ny trasé skal ikkje gå gjennom det tronge partiet ved Håfoss mellom Etne og Stordalen, men ligge vest for dagens trasé.

Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) jublar etter NTP-nyheita.

– Det var den aller beste nyheita vi kunne få her lokalt. Det er eit etterlengta prosjekt. Den eksisterande vegen er heilt elendig, seier Ekrheim.

Ho kjenner seg sikker på at prosjektet no blir realisert.

– Vi ser det som 99,9 prosent sikkert.