Hopp til innhold

Tok laget til NM-finale i håndball

Hege Bakken Wahlquist scora åtte og var avgjerande for at Glassverket tok seg til sin første NM-finale på 34 år. Trenaren er proppfull av lovord, og trur ho kan dominere internasjonalt.

Hege Bakken Wahlquist

ALVORLEG SKADD: Hege Bakken Walhquist vart alvorleg kneskadd, og brukte meir enn to år på å kome tilbake.

Foto: Peter Tubaas

– Hege har eit enormt potensiale, og er ein av dei raskaste venstrekantane i Norge og ein av dei med den råaste fysikken. Ho er fantastisk til å trene og har teke kjempesteg, seier trenar Kenneth Gabrielsen.

I går var 23-åringen med sine åtte mål avgjerande for at Glassverket slo Molde 35-27 og er klare for cupfinalen i handball mot Larvik.

– Eg følte alle hadde ein veldig bra kamp. Det var andre som scora mykje også. Men eg er veldig nøgd med kampen, seier Bakken Wahlquist beskjedent.

Slått til for fullt i år

Den unge kantspelaren fekk ein svært alvorleg kneskade våren 2012, og først i fjor var ho tilbake for fullt. Men det er i år det har losna skikkeleg, med 30 prosent fleire scoringar enn i fjor.

– Fleire har spurt om kvifor. Eg kjem meir og meir inn i det for kvart år etter skaden. Vi trenar ekstra på skot. I tillegg får eg veldig mykje speletid i forhold til i fjor, og eg trur tilliten har veldig mykje å seie, seier kantspelaren.

Hege Bakken Wahlquist er endeleg tilbake etter skademarerittet

LITT ETTER LITT: Hege Bakken Wahlquist valde å ta tida til hjelp etter kneskaden. Biletet er frå etter operasjonen.

Foto: Privat/Peter Tubaas

Trenaren var aldri i tvil om at han skulle hente Bakken Wahlquist til Glassverket, trass i at ho framleis var skada.

– Det er ein av dei styggaste skadane eg har sett i damehandballen. Men ho hadde kjempepotensiale før skaden, og vi var sikker på at ho kunne kome dit ho er i dag. Hege har heile tida hatt talent. No har ho fått det ut og har enno meir å gå på, seier Gabrielsen.

– Alt som skal til internasjonalt

Då er spørsmålet kor langt Bakken Wahlquist kan nå. Landslaget er realistisk, meiner Gabrielsen.

– No byrjar ho å bli ordentleg god. Ho har vanvittig kontringskapasitet med fart og fysikk. Får ho opp utteljinga og sett alle sjansane, er ho oppe med dei beste venstrekantane i landet, og det er mange gode. Ho har alt som skal til for det internasjonale nivået, seier han.

30. desember ventar det dominerande laget i norsk handball dei siste 15 åra, Larvik, i cupfinalen i Nadderud Arena. Både trenaren og Bakken Wahlquist har tru på siger, men då må alt stemme.

– Vi veit vi er gode. Vi må få fram det beste i alle spelarane, og alle må vere på topp. Vi får berre sjå mykje på videoar, leggje ein god taktikk og ha hundre prosent innsats. Så får vi håpe på det beste, seier 23-åringen.