Hopp til innhold

Årdal tek oppgjer med UDI - meiner drapssikta asylsøkjaren aldri burde vore send dit

Årdal kommune tek eit kraftig oppgjer med Utlendingsdirektoratet etter trippeldrapet på Valdresekspressen sist veke.

Årdal kommune tek no eit kraftig oppgjer med Utlendingsdirektoratet etter trippeldrapet på Valdresekspressen. Kommunen meiner den sikta asylsøkaren aldri skulle vore sendt til mottaket i Årdal.

TEK OPPGJER MED UDI: Årdal kommune tek oppgjer med UDI etter trippeldrapet i Årdal sist veke. Rådmann Frank Westad meiner noko no må gjerast.

Kommunen meiner den sikta asylsøkjaren aldri skulle vore send til mottaket i den vesle kommunen. No krev dei at noko blir gjort.

– No er tida komen, dei må høyre på kommunane, seier Frank Westad som er rådmann i Årdal kommune.

Drap dei tre andre på bussen

Tre personar vart sist måndag brutalt knivdrepne på Valdresekspressen på veg frå Årdal. Bussen vart ståande halvvegs ute i grøfta på fylkesveg 53 ved Holsbru, og det som forbipasserande først trudde var ei trafikkulukke viste seg å vere langt verre.

Bussjåfør Arve Kvernhaug (55), Brahim Khoya (53) og Margaret Molland Sanden (19) vart alle uskuldige offer for handlingane til ein 30 år gamal mann frå Sør-Sudan.

Den 30 år gamle mannen hadde sjølv knivskadar, og får no behandling på Sandviken psykiatriske sjukehus i Bergen. Mannen er sikta for trippeldrap, men har førebels nekta å la seg avhøyre. Politiet veit difor ikkje kva som var bakgrunnen for den grufulle hendinga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trippeldrap i Årdal

TRIPPELDRAP: Bussjåføren og dei to andre passasjerane på Valdresekspressen vart alle tre brutalt drepne av asylsøkjaren.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Meiner mannen aldri burde vore send til Årdal

Mannen fekk avslag på asylsøknaden allereie i sommar , men er framleis i Norge. I august vart han flytta til det nystarta asylmottaket i Årdal, og det var der han budde før han drap dei tre på bussen.

I Årdal spør no heile lokalsamfunnet seg om korleis det tragiske kunne skje. I eit brev til UDI tek kommuneleiinga eit oppgjer med det dei meiner er feilslått asylpolitikk.

– Vi greier ikkje sjå logikken med at asylsøkjarar skal sendast hit, når dei eigentleg skal sendast ut av landet, seier rådmann Frank Westad til NRK.no.

– Kunne denne drapssaka vore unngått om ein hadde hatt ein anna asylpolitikk enn i dag?

– Det kan godt tenkast, men det er vanskeleg å seie.

– Faktum er at vedkommande aldri skulle vore send til kommunen, slik sett kunne vi ha unngått det. Eg trur tida er overmoden for å sjå på asylpolitikken i Norge.

UDI har tidlegare sagt at kommunane ideelt sett skulle fått betre tid til å førebu seg på asylmottak.

(Artikkelen held fram under biletet)

Årdal

SORG: Innbyggjarane i Årdal har stått samla i sorga.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Dette vil dei ha på plass

Kommunen meiner dei ikkje var i stand til å ta i mot dei 150 asylsøkjarane som kom på seinsommaren.

– Det gjekk for fort, det kom for mange, og det skjedde rett etter sommaren, seier rådmannen.

I brevet dei har send til UDI legg kommunen fram sju punkt dei meiner må på plass for å sikre ein betre asylpolitikk.

  • Betre helseundersøkingar av asylsøkjarar
  • Krav til helsepersonell ved asylmottaka
  • Kommunane må ha tid til å bu seg
  • Søkjarar med avslag må ikkje ut i kommunane
  • Uttransportering må skje samstundes som avslag
  • Kommunane må få innføring i å vere vertskommune
  • Kommunane må kunne seie nei til mottak

UDI vil fredag ikkje kommentere saka. Dei legg opp til direkte dialog med kommunen, og vil vente på eit møte komande veke.