Hopp til innhold

Årdal er #meirenndutrur, heilt offisielt

Før var Årdal «ein god kommune å bu, leva og arbeida i». No er kommunen #meirenndutrur. Det er sannsynlegvis det første emneknagg-slagordet i Noreg.

Øvre Årdal

#MEIRENNDUTRUR: Det er meir til Årdal enn berre Øvre Årdal, som her er avbilda. Kva trudde du?

Foto: VERI Media

Det var Porten.no som først rapporterte om slagordbytet.

Aleksander Øren Heen (Sp) var blant dei som vedtok det nye slagordet torsdag. Det vart bestemt utan debatt i kommunestyret. Heen vedgår at han ikkje er heilt stødig i det gamle, som han kallar «litt traust og keisamt».

– Eg klarer ikkje referere det ordrett, eg heller, så det var på tide med noko som kanskje kan bli meir brukt, seier han.

Dei landa på emneknaggen, eller hashtaggen, #meirenndutrur, og Heen håpar inderleg dei er dei første i landet med eit slikt slagord. NRK klarer torsdag kveld ikkje å finne spor av andre emneknagg-slagord. Uansett håpar Heen at det kjem til å engasjere årdølene.

– Me har valt det slik at folk kan bruke emneknaggen når dei er her og deler bilete.

Slagordbalanse

Å finne fram til kommuneslagord er ei balanseøving som mange har kritisert. Samfunnsgeorgraf Karl-Fredrik Tangen meiner at det stort sett er «bullshit» som alle kan vere samde i.

Jens Kihl harselerte rundt kommunevisjonar i ein kommentarartikkel i Bergens Tidende i fjor haust:

«Når ordførarane i Giske og Gulen oppdagar at båe har slagordet «historisk og framtidsretta», er det truleg som på film når to damer oppdagar at dei har lik kjole på fest.»

Andre finn glede i slagorda. I 2015 fann NRKs eigen kommuneslagord-entusiast fram til desse ni favorittane. Om #meirenndutrur er betre enn til dømes «Vardø – den muntre by ved Bussesundet», får lesaren sjølv vurdere.

Årdal-ordføraren er i alle fall stolt.

– Det er fengande. Og det er i tida å ha ein hashtag, seier Hilmar Høl (Ap).

Men Høl hadde ikkje heilt fått kontroll på slagordet sitt då NRK får tak i han torsdag kveld. Han ville presse inn litt meir enn det kommunestyret hadde vedteke.

– #mykjemeirenndutrur, prøver Høl seg på.

Då NRK arresterer han på slagordfeilen, forklarer han det slik:

– Me pleier å seie: Det er mykje meir enn du trur i Årdal, seier Høl og ler.

Heilt ok

Ein som kan marknadsføring og fengande frasar er Ingebrigt Steen Jensen. Han kjem med denne dommen:

– Det er vel eit heilt ok slagord, det.

Problemet er kanskje, forsøker han, at det ikkje er så mange som har så mange meiningar om Årdal. Men konkurransen i slagordbransjen er også knalltøff.

– Skal ein samanlikne med andre byar i den store verda, er det vel berre I ❤️ NY som blir hugsa, seier Jensen.

At slagordet har blitt ein emneknagg er han positiv til.

– Tvi tvi frå Bærum!

Ingebrigt Steen Jensen, arkivbilete.

REKLAMEKJENDIS: Ingebrigt Steen Jensen har mange års erfaring som reklamemann.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix