Arkivfoto©NRK
Gjennom Næringsselskapet Årdal Framtid AS samarbeider Hydro og kommunen om nye næringsverksemder i Årdal. Men Lægreid seier det er aktørar utanfor Hydro-systemet som det no vert forhandla med. Og målet med prosjekta er å gje arbeid til dei som misser arbeidet ved Hydro.
- Målet vårt er å få tak i større industriprosjekt som er tilpassa dei som missar arbeidet, seier Lægreid.
Tek ingenting for gitt
Friskt i minne har ordføraren skuffelsen då Scan Wafer la bort planane om ein legg vekk 250 arbeidsplassar i Årdal. Difor tek Lægreid absolutt ingenting for gitt.
- Ingenting er sikkert i dag, vi fekk ein del lærdom etter arbeidet vårt med Scan Wafer som vi brukte over eit år på. Vi er ikkje sikre på noko før vi har ei avgjerd på plass, og det har vi ikkje i dag, seier han.
Treng meir tid
Og med erfaringa frå Scan Wafer prosjektet leitar ordføraren no etter meir tid.
- Årdal kommune har bede Hydro om å søkje SFT om å få køyre Søderberg-anlegget i eit par år til, for vi veit at vi treng tid, seier ordføraren.
Optimisme
Og innan søderbergovnane vert stengt av trur ordføraren at han kan ha nye arbeidsplassar klare.
- Vi snakkar om hundretals arbeidsplassar om alt fell på plass, men det er som sagt uvisst, seier Lægreid.
- Er det no er grunn til ny optimisme i Årdal?
- Vi skal vere optimistar, jobbe vidare med det vi har og å få til nye prosjekt, seier han.