Arbeidsulukke i Selje

Politiet fekk i ettermiddag melding om ein mann som hadde fått ein tømmerstokk over ein fot under arbeid ved Moldefjorden i Selje. Ambulanse og politi rykte ut til staden. Den skadde er frakta til Førde sentralsjukehus i luftambulanse. Den skadde er ein mann i 60-åra. Ulukka skjedde i samband med arbeid med vinsjing av tømmerstokkar. Saka vert fulgt vidare opp ved Vågsøy lensmannskontor.