Hopp til innhold

Arbeidstilsynet med nye varsel mot taxiselskap i Bergen: – Alvorleg og omfattande

BERGEN (NRK): Både Arbeidstilsynet og Justervesenet har avslørt fleire brot på regelverket hjå Taxi 1. – Diverre ikkje overraskande for oss, seier tillitsvald.

Taxi 1 AS i Bergen

TAXISELSKAP I BERGEN: Taxi 1 AS får kritikk for fleire brot på regelverket etter samordna tilsyn. Selskapet har over 60 løyver og mellom 80 og 100 tilsette i Bergen. (Illustrasjonsfoto).

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tilsynet hjå taxiselskapet i Bergen i midten av januar var umeldt og vart gjort på grunn av fleire uromeldingar.

Arbeidstilsynet koordinerte aksjonen saman med Justervesenet, Vegvesenet, Kemneren i Bergen og samferdsleavdelinga i Hordaland fylkeskommune.

Resultat:

  • Arbeidstilsynet varslar ni pålegg grunna fleire brot på arbeidsmiljølova.
  • Justervesenet gir gebyr for manglar og feil ved over 20 taksameter.

– Vi vurderer dette som alvorleg og svært mangelfullt, seier tilsynsleiar Marita Scott i Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet: – Omfattande

Det er ikkje første gong at Taxi 1 er i tilsynets søkelys. I 2017 fekk dei 44.000 kroner i bot for fleire brot på arbeidsmiljølova og HMS-arbeid (ekstern lenke).

Heller ikkje denne gongen er Arbeidstilsynet nøgd med tilhøva i drosjeselskapet.

– Dei mest alvorlege funna er mangelfullt systematisk HMS-arbeid, mangelfull informasjon i lønnsslippane og manglar i arbeidsavtalane, seier Scott.

Rapporten kritiserer fleire forhold:

  • I lønnsslippane i drosjeselskapet kjem det ikkje fram korleis lønna er rekna ut.
  • Tilsette har ikkje tilgang til bedrifta sitt HMS-system. Det skal heller ikkje vore i bruk sidan første kvartal 2018.
  • På lønnsslippar og timeplanar som Arbeidstilsynet har fått, er det namn på personar som ikkje er lista opp i oversikta over tilsette. «Det kan se ut som Taxi 1 AS ikke har nødvendig og fullstendig oversikt over hvem som til enhver tid er ansatt i virksomheten», skriv Arbeidstilsynet og peikar på at det kan få konsekvensar for forsikringar og pensjonsavtalar for dei tilsette.
  • Det finst ikkje skriftlege rutinar og praksis for registrering av arbeidstid.
  • Tilsette har ikkje fått løn for å gå på lovpålagde kurs
Tilsynsleiar Marita Scott i Arbeidstilsynet i Bergen

UROMELDINGAR: Tilsynsleiar Marita Scott med rapporten etter det koordinerte tilsynet hjå Taxi 1 AS. Tilsynet var både eit oppfølgingstilsyn og eit tilsyn basert på innrapporterte uromeldingar.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Lovar å ordne opp

– Vi har tatt opp alle punkt som kjem fram i rapporten til Arbeidstilsynet, men har opplevd motarbeiding og motvilje mot å samarbeide med tillitsapparatet. Det er vanskeleg å forstå korleis dette kan ha gått føre seg så lenge som det har, seier tillitsvald for dei organiserte sjåførane i selskapet, Sergio Gutierrez til NRK.

– Grunna teieplikta kan eg ikkje gå inn og kommentere enkeltpunkt, svarar dagleg leiar Robert Aasmul i Taxi 1 når NRK ber han kommentere påstand om motvilje og motarbeiding.

Han lovar å møte krava frå Arbeidstilsynet innan fristen, og seier det er gjennomført konstruktive møte med verneombod, varatillitsvald og bedriftshelsetenesta onsdag. Neste veke blir det møte i arbeidsmiljøutvalet.

– Vi er naturleg nok ikkje tilfreds med funna og har gjort nokre tiltak allereie. Vi er trygge på at prosessane no går framover som dei skal, seier Aasmul.

– Vi er klare for å samarbeide, så det står att å sjå om leiinga er villige til å endre haldninga si og jobbe for å vinne tilbake tilliten frå dei tilsette, seier Gutierrez.

Den daglege leiaren avviser at dei ikkje har oversikt over kven som er tilsett i bedrifta, og viser til at ingen brot vart avdekka etter kontroll av ID-kort, køyresetlar og førarkort hjå sjåførane.

På spørsmål om kvifor det må ein tilsynsrapport frå Arbeidstilsynet til før dei tek grep, svarar Aasmul:

– Vi er glade for at Arbeidstilsynet set fokus på fleire av sakene og ser fram til å få hjelp av dei til å ordne sakene.

Demonstrerer mot taxi-bom på Flesland

LOVAR Å RYDDE OPP: Dagleg leiar Robert Aasmul i Taxi 1 AS i Bergen.

Foto: Christian Lura

Feil ved mange taksameter

I det same koordinerte tilsynet deltok også Justervesenet. Dei fann feil og manglar ved taksametera som er installert i drosjane.

Fagansvarleg kontrollør Håkon Skjolden fortel at feilprosenten for taksameter i slike tilsyn ligg på kring tre-fire prosent i Noreg.

Under tilsynet i Bergen fann dei feil på over 50 prosent av dei kontrollerte taksametera. Justervesenet oppgir at cirka 45 taksameter vart undersøkte.

26 av desse hadde feil.

– Det er noko av det verste vi har funne på eit tilsyn, seier Skjolden.

  • Den vanlegaste feilen var at det ikkje var bestilt installasjonskontroll etter bytte av taksameter og/eller bil.
  • På sju av taksametera var det manglande eller broten plombering, eller manglande melding til Justervesenet om bytte av plombering (som er sikringen på taksametera).
  • Nokre taksameter hadde også feil ID-nummer.

– I verste fall kan taksametera difor vera manipulerte. Men vi har ikkje funne bevis for at det skjer, presiserer Skjolden.

Under tilsynet kalla dagleg leiar i taxiselskapet inn drosjar til kontroll. Reparasjon og plombering av taksameter vart gjort fortløpande på staden.

Brutt plombering på taksameter hos Taxi 1 AS i Bergen

IKKJE RIKTIG: Plomberinga (den gule delen) er broten opp på taksameteret. Biletet er tatt under kontrollen 15. januar 2019.

Foto: Justervesenet

Vil klage på gebyr

Robert Aasmul i Taxi 1 seier Justervesenet sitt system for bestilling av installasjonskontroll for taksameter har vore nede sidan oktober i fjor.

– Det er den eksterne montøren av taksametera som skal melde frå til Justervesenet. I etterkant har det kome informasjon om at ein kunne melde dette inn på e-post. No lagar vi ekstra rutinar på at vi skal ha kvittering på innsendinga, før vi gir sjåførar nøklar til bilane.

Han presiserer at Justervesenet ikkje avdekka målefeil eller juks med taksametera under kontrollen.

Justervesenet svarar at informasjon om deira mellombelse løysing har lagt ute på nettsidene deira, og at dei har teke imot mange bestillingar frå andre aktørar på e-post.

Dei løyvehavarane som hadde feil må betala avviksgebyr. Justervesenet vurderer også om dei skal gi lovbrotsgebyr til drosjeselskapet og firmaet som monterer taksametera.

– Vi kjem til å be Justervesenet vurdere om det er riktig å gi fullt gebyr når løysinga deira for registrering ikkje er oppe og går, avsluttar Aasmul.

NRK presiserer: Saka er endra etter første publisering, der det ikkje kom fram tal på taksameter i kontrollen. Det er no skrive inn at rundt 45 taksameter vart kontrollerte og at det var feil på 26 av desse.