Hopp til innhold

Bedrift får refs frå Arbeidstilsynet: Trekte tilsette i lønn når kundar ikkje betalte

HMS-bedrifta hadde ikkje kontroll på HMS, slår Arbeidstilsynet fast. Dagleg leiar legg seg flat og endrar praksis.

Bilde av bedriften Internsikring ASs fasade i Sandviken i Bergen.

TILSYNSRAPPORT: Arbeidstilsynet fann fleire feil og manglar med bedrifta sitt eige HMS-arbeid.

Foto: Synne Sørenes / NRK

I februar i år fortalde NRK om ein sjef i Bergen, som i fylla sende e-postar til sine tilsette i HMS-bedrifta Internsikring AS.

I ettertid har Arbeidstilsynet besøkt bedrifta, som tilbyr rettleiing innan helse, miljø og sikkerheit (HMS).

Der fann dei fleire feil og manglar med bedrifta sitt eige HMS-arbeid.

No varslar Arbeidstilsynet pålegg.

Fann fleire manglar

I rapporten NRK har fått innsyn i er det lista opp seks punkt, der HMS-bedrifta bryt arbeidsmiljølova.

Blant anna fann dei manglar i arbeidskontraktane. I tillegg hadde ingen av dei tilsette hatt medarbeidarsamtalar dei siste tre åra.

Kjersti Marie Gjerd er seksjonsleiar i Arbeidstilsynet. Ho seier bedrifta no har fått fleire pålegg som blant anna går på arbeidet med det psykososiale miljøet.

– Det gjeld e-postar som dei tilsette har fått, men også miljøet generelt. Det verkar som arbeidsplassen er delt i to fløyar, med dårleg ytringsklima og manglande kommunikasjon.

– Denne bedrifta gir råd om HMS, kva tenkjer du om at de fann så mange manglar på nettopp det?

– Me hadde nok forventa at dei skulle ha meir på plass. Men dei kan selga gode tenestar til andre, sjølv om dei ikkje får det til å fungera så godt hos seg sjølv, seier Gjerd.

Seksjonsleiar Arbeidstilsynet, Kjersti Marie Gjerd

Seksjonsleiar i Arbeidstilsynet, Kjersti Marie Gjerd, seier bedrifta har fått fleire pålegg. Endingane i bedrifta må bli gjort innan midten av juli i år.

Foto: Privat

Tilsette blei trekte i lønn

I rapporten la Arbeidstilsynet spesielt vekt på det at tilsette har blitt trekte i lønn om kundar ikkje betalar rekningar.

«Dersom kunden ikke betaler regningen, og faktura sendes til inkasso, får ansatte inkassokravet som et lønnstrekk. Når kunden betaler inkassokravet blir pengene tilbakeført arbeidstaker som har fått trekk i lønn, noe som igjen medfører dobbel beskatning», står det i rapporten.

Det meiner Arbeidstilsynet er brot på arbeidsmiljølova. Dei meiner også det kan vera psykisk belastande for dei tilsette.

Les svaret til arbeidsgjevar lenger ned i saka.

Les også Sjefen sendte e-poster i fylla og kritiserte sykemeldte ansatte

ansatte bedrift

– Heilt hårreisande

– Eg syns det er heilt hårreisande at ei bedrift legg risikoen på sine tilsette i staden for å ta den sjølv, seier Robin Knutsen.

Han er regionsleiar for fagforeininga Handel og kontor og er ikkje tilbakehalden i kritikken etter å ha lese rapporten frå Arbeidstilsynet.

Robin Knutsen, Handel og Kontor

Robin Knutsen er glad for at Arbeidstilsynet no har dokumentert det dei tillitvalte har varsla om i lenger tid.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

– Eg reagerer mest på at ei bedrift som lever av å gi HMS-rådgjeving til andre bedrifter har så lite grunnleggande forståing for HMS-prinsipp i eigen bedrift, seier han.

– Dei klarar ikkje å trygga sine tilsette og gi dei ein god og trygg arbeidskvardag.

Han er likevel glad for at Arbeidstilsynet no har gjennomført eit tilsyn.

– Dei har levert ein grundig rapport som understrekar det dei tillitsvalde har varsla om over lengre tid.

Les også Arbeidstilsynet snur og går inn i bedrift etter at sjef sendte e-poster i fylla

Arbeidsgjevar: – Ingen alvorlege avvik

Rapporten med varsel om påsyn vart sendt til arbeidsgjevaren i starten av mai.

Han seier til NRK at dei har lese rapporten og at dei ikkje er bekymra for innhaldet.

– Det er ingen alvorlege avvik. Me burde sjølvsagt ha betre kontroll på vårt eige HMS-arbeid, sidan me sjølv leverer tenester innan HMS, seier dagleg leiar Roald Christensen til NRK.

Han seier dei no skjerpar rutinane sine.

I ein e-post til NRK skriv salgsleiar Truls Arveschough at dei slutta med å trekka tilsette i lønn på grunn av kundar sine inkassokrav i februar i år.

– Me arbeider med tillitvalgt angåande endringane i lønnssystem og arbeidskontrakt, legg han til.

Punktet som gjeld dobbel skattlegging er dagleg leiar Christensen sterkt ueinig i:

– Blir ein trukke hundre kroner i inkassotrekk, får ein igjen hundre kroner i innbetalt inkasso to månader seinare, så dette gir ikkje dobbel skattlegging, skriv Christensen.

Ansatte bedrift

Frid Mellingen Vågenes og Joakim Johnsen jobbar i bedrifta, og er glade for at Arbeidstilsynet no har gjort tilsyn.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Fornøgde med rapporten

Frid Mellingen Vågenes og Joakim Johnsen er tillitstvalde i bedrifta. Det var dei som først fortalde om e-postane og det dårlege miljøet på arbeidsplassen.

Etter at tilsette blei med i fagforeining, opplevde dei at sjefen slutta å helse på dei. Sjefen beklagde seinare at han hadde opptrådt uakseptabelt, og sa at han hadde lært av dette.

No er dei tillitsvalde glade for at Arbeidstilsynet har vore på besøk og funne fleire punkt som bygger opp om opplevingane deira.

– Me er nøgde med rapporten. Den viser at våre varsel til Arbeidstilsynet var rettkome, skriv dei i ein felles SMS til NRK.