Hopp til innhold

Arbeidsløysa kraftig og uventa ned

Talet på arbeidslause i Sogn og Fjordane gjekk kraftig ned siste månaden. Ei uventa positiv utvikling, seier direktør Tore Thorsnes i NAV Sogn og Fjordane.

Tore Thorsnes

GRUNN TIL Å SMILE: Direktør Tore Thorsnes i NAV Sogn og Fjordane kan gle seg over nedgang i arbeidsløysa.

Foto: Nav

Ved utgangen av januar var det 1416 personar heilt utan arbeid. No er talet nede i 982, og det er det lågaste månadstalet sidan desember 2014.

Thorsnes seier dei hadde rekna med at arbeidsløysa ville halde fram med å stige frå januar og utover i 2016. I staden har tala gått kraftig ned.

– Det har vel samanheng med marknaden i Sogn og Fjordane fungerer godt. Det er stor aktivitet trass i det som skjer rundt oss. Vi er ikkje i særleg grad prega av nedgangen i oljeindustrien. Det er lite permitteringar og høgt tiltaksnivå i fylket vårt.

Lågast i landet

– Om vi ser litt framover, er det like lyst då?

– Vi har ikkje grunn til å frykte store endringar, men vi er alltid usikre på korleis etterverknadene av oljekrisa blir. Vi bør vere obs på at det kan bli nokre svingingar, men nokon stor auke i arbeidsløysa reknar vi ikkje med.

Med 1,7 prosent arbeidsledige er Sogn og Fjordane stadig det fylket i landet som har lågast arbeidsløyse. Nedgangen har vore størst i Vågsøy og Stryn.

Hornindal og Solund har lågast arbeidsløyse, medan Selje, Flora og Bremanger har høgast.