Hopp til innhold

Arbeidsledige kan bli pressa til å flytte

Store skeivheiter på arbeidsmarknaden på Vestlandet gjer at NAV no skjerpar krava til arbeidssøkarar.

Helene Mwazange - arbeidssøkerkurs Stavanger

FLEIRE KAN MÅTTE FLYTTE: Fleire arbeidsledige kan bli nøydde til å flytte på seg for å få jobb. Vil ein ikkje kan ein risikere å miste stønaden, trugar NAV. Men mange, som Helene Mwazange (til høgre), har ein familie å ta omsyn til, noko også NAV lovar å gjere.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

For medan fleire verksemder i Sogn og Fjordane har problem med å skaffe folk, står 22.000 menneske arbeidsledige andre stader på Vestlandet.

No vil NAV gjere grep for å ta tak i situasjonen. Dei vil stille strengare krav til at arbeidssøkarar må flytte på seg for å få jobb.

Tore Thorsnes, NAV

BLIR STRENGARE: NAV-direktør i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, seier arbeidssøkarar som kan, men ikkje vil flytte kan miste stønaden.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Personar som går på dagpengar har ei eiga forplikting i høve til å vere aktiv på arbeidsmarknaden. Om dei har moglegheit for å skaffe seg jobb i andre delar av landet og ikkje gjer seg nytte av det, er det ein risiko for å miste stønaden, seier Tore Thorsnes, direktør i NAV i Sogn og Fjordane.

– Vanskeleg å rekruttere

For paradokset er tydeleg. Medan det i Sogn og Fjordane er mange ledige stillingar står mange arbeidsledige andre plassar.

– Det er veldig negativt, ikkje berre for Sogn og Fjordane, men også for samfunnet generelt, seier Finn Ove Øden.

NAV skal no bli strengare mot arbeidsledige for å få dei til å ta imot jobbar vekke frå der dei bur.

PARADOKS: Medan resten av Vestlandet har stor arbeidsløyse er det i Sogn og Fjordane mangel på arbeidskraft i fleire verksemder. Foto: Stubhaug/Hjertenes. Redigering: Arne Stubhaug

Han er dagleg leiar i entreprenørverksemda Åsen og Øvrelid i Førde. Ei bedrift som er blant dei som strevar med å få folk med den kompetansen dei er ute etter.

– Vi manglar folk på fagarbeidarnivå. Det er veldig vanskeleg å rekruttere folk med fagbrev og det har det vore i lenger tid.

Vil ikkje flytte på seg

Sjølv om NAV no varslar strengare handtering av krava til arbeidssøkarar, må og vil dei ta omsyn til den enkelte sin familiesituasjon. I fleire tilfelle er det kanskje nettopp dette som avgjer kva folk er villige til å ofre for å komme seg i jobb.

På eit jobbsøkarkurs i Stavanger er Helene Mwazange ein av dei som er på utkikk. Ho registrerer at det er mange ledige stillingar lenger nord på Vestlandet, men det er ikkje fullt så enkelt, slår ho fast. I teorien freistar det, men i praksis går det ikkje, seier ho.

– Det er altfor mykje arbeid. Eg har ein mann med jobb her. Tanken på å pendle fram og tilbake og late han vere att med tre ungar den er ikkje veldig grei. Å prøve å flytte alle saman er ikkje noko betre det heller, for det betyr å dra han ut av ein sikker jobb, seier Helene Mwazange.

Finn Ove Øen i Åsen og Øvrelid

MANGLAR FOLK: Finn Ove Øden, dagleg leiar i Åsen og Øvrelid i Førde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

For Øden i Åsen og Øvrelid sin del meiner han det høyrest fornuftig ut å leggje press på dei som står utan jobb, men ...

– Samstundes er det veldig viktig for oss at dei som skal jobbe for oss har lyst til det og ikkje gjer det under tvang.