Hopp til innhold

Mista jobben i oljen – starta eige selskap

Oljekrisa har skapt gründerboom hjå Innovasjon Norge. Då sivilingeniør Eirik Espe mista jobben vart løysinga eige selskap med 13 tidlegare kollegaer.

Sivilingeniør Eirik Espe

TOK SJANSEN: Då sivilingeniør Eirik Espe mista jobben, tok han sjansen og starta eige selskap. No har selskapet søkt patent på ei løysing for overvaking av oljebrønnar som ikkje er i produksjon.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

– Vi kunne anten slutta å jobba eller starte for oss sjølve. Vi bestemte oss for det siste, seier sivilingeniør Eirik Espe til NRK.

Då han i fjor sommar mista jobben i oljebransjen, bestemte han og 13 kollegaer seg for å starte firmaet Wellguard saman. Ingeniøren har tenkt fram ei ny løysing for korleis ein kan overvaka oljebrønnar som ikkje lenger er i produksjon.

To tusen ingeniørar utan arbeid

Nedgangstider:

USIKKER FRAMTID: Mange har mista jobben i oljebransjen siste året og fleire kan det bli.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Siste året er det blitt 31.000 fleire arbeidsledige i landet, og det er nedturen i oljen som står for det store utslaget.

Som NRK skreiv onsdag er det over to tusen ingeniørar som no er utan jobb på Vestlandet. Samstundes er det på landsbasis i skrivande stund berre rundt 570 ingeniørstillingar.

Medan Nav seier at mange av ingeniørane må vera villige til å flytta på seg for å jobb, er det fleire og fleire som vel å gjera som sivilingeniør Eirik Espe. Å starta eige bedrift.

Det er mange gode idear som er kome og veldig mange vil lukkast.

Pål Kristian Haugetun i Innovasjon Norge

Sterk auke i etablerarstipend

Hjå Innovasjon Norge merkar dei gründerboomen godt. Dei har delt ut kring 1000 etablerartilskot til no i år. Det er nesten 100 fleire enn i heile 2014.

Pål Kristian Haugetun i Innovasjon Norge seier dei ser at nedgangen i oljebransjen gjer at fleire med høg kompetanse vil starta eigne selskap.

– Vi har opplevd ein stor auke det siste halve året. Ingeniørar som tidlegare hadde gode, faste jobbar går no ei meir usikker framtid i møte.

Pål Kristian Haugetun i Innovasjon Norge

Pål Kristian Haugetun jobbar med olje- og gassektoren i Innovasjon Norge.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Han meiner det kan vera bra for oljebransjen at det kjem små selskap med store idear på bordet.

– Gjerne har ingeniørane hatt ein idé i magen lenge, men så har dei ikkje turt å ta steget ut før no. Og det er mange gode idear som er kome og veldig mange vil lukkast.

– Oljebransjen har lenge vore konservative, men for å bli meir effektive og få ned kostnadane må dei nok byrja å ta inn ny teknologi.

Spennande tid i møte

For Eirik Espe og resten av Wellguard er det ei spennande tid dei går i møte. Overvakingssystemet dei har utvikla for gamle oljebrønnar har dei no søkt om å få patent på.

– Systemet sjekkar om det kjem lekkasjar frå brønnane som er stengt av. Lekkasjar av metan og andre gassar kan vera farleg, men dette systemet varslar og gir beskjed om det skjer.

For selskapet står att det no å sjå om noko vil kjøpa systemet deira. Espe har uansett klart å snu fortvilinga det er å misse jobben sin, til noko positivt.

– Det har vore ei utfordringa men det har også vore veldig mykje glede, inspirasjon og motivasjon til å stå på meir, avsluttar sivilingeniøren.