Ni av ti arbeidslause menn får helsejobb

BERGEN (NRK): Nav-prosjektet «Menn i helse» er stempla som ein suksess.

Hagos Beraki og Alfhild Valseth på Metodishjemmet Bergen

MANNEMANGEL: Hagos Beraki er ein av få mannlege helsefagarbeidarar og meiner helsesektoren tener på betre kjønnsbalanse. Her saman med Alfhild Valseth på Metodistheimen Bergen.

Foto: Ingvild Eide / NRK

På Metodisthjemmet i Bergen jobbar Hagos Beraki som helsefagarbeidar, ein jobb han trivst godt med.

– Det er eit kvinnedominert yrke i alle land, men eg trur det blir eit betre arbeidsmiljø om det er både kvinner og menn på arbeidsplassen, fortel han.

Han studerer for å bli sjukepleiar.

– Eg kallar han krølltoppen min! Han er veldig snill og grei, fortel bebuar Alfhild Valseth smilande.

– Kan endre livet

Berre ti prosent av dei som arbeider i helsesektoren, er menn. Gjennom prosjektet «Menn i helse» får arbeidsledige menn ein ny sjanse i arbeidslivet – inn i helsesektoren.

– Dette møtet kan faktisk forandre livet ditt, fortel Dag Sivertsen.

På Nav sitt kontor i Bergen er det informasjonsmøte for prosjektet «Menn i helse» og Sivertsen fortel om sine erfaringar til eit fullt rom med arbeidslause menn.

– Eg har sete slik de gjer i dag. Livet var kjipt. Eg hadde alltid vore i jobb. No sleit eg med psyken og synst det var vanskeleg å sjå folk i augo når eg var ute blant folk, fortel han til dei frammøtte.

Dag Sivertsen (43)

LIVSENDRING: Dag Sivertsen (43) fortalde dei frammøtte om kor viktig prosjektet har vore for livsglede og sjølvtillit.

Foto: Marit Stensby / NRK

Etter lengre tid med arbeidsløyse og dårleg psyke vart «Menn i helse» redninga for han.

– Prosjektet har gitt meg ein heilt ny kvardag med mykje glede. Det å føle at ein er ønska og med i eit fellesskap har gjort mykje for sjølvtillit og psyke. I tillegg til har eg fått ein veldig givande jobb med mange flotte menneske, fortel han.

Vinn-vinn

– Det er vinn-vinn for alle. Me treng ressursar inn i helse og ser at det er ein aukande etterspurnad innanfor sektoren. Det å få mangfald og menn inn i helsevesenet er kjempeflott, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland.

Sidan 2010 har «Menn i helse» fått menn ut i arbeid og inn i helsesektoren. No kjem tilbodet til Bergen og Hordaland.

Kjetil Kvidahl og Anne Kverneland Bogsnes

SUKSESS: Kjetil Kvidahl, fylkeskoordinator for Menn i helse Hordaland og direktør i Nav Vestland Anne Kverneland Bogsnes gler seg til å ta fatt på prosjektet som har hatt stor suksess andre stader i landet.

Foto: Ingvild Eide / NRK

Suksessoppskrift

«Menn i helse» er for arbeidsledige menn mellom 25 og 55 år. Dersom ein ynskjer å vera med må ein på intervju for å søke om å bli helserekrutt. Etter 12 veker som helserekruttar blir 20 personar plukka ut til eit tilpassa utdanningsløp for å ta fagbrev som helsefagarbeidar.

– 92 prosent av dei som har teke fagbrev hos oss, har i dag ein relevant jobb dei kan leva av, seier fylkeskoordinator for prosjektet i Hordaland, Kjetil Kvidahl.

Han fortel at det er folk med alle moglege bakgrunnar som har teke fagbrev og trivst i yrket.

Prosjektet er eit samarbeid mellom kommune, Nav, fylkeskommune, Fylkesmannen, KS og Helsedirektoratet.

Betre arbeidsmiljø

På Metodisthjemmet i Bergen er administrativ leiar Liv Berit Pilskog glad for rekrutteringsarbeidet for å få fleire menn inn i helsevesenet.

– Det skapar god balanse i kollegafellesskapet. Elles trur eg menn tenker annleis og i møte med særleg menn, kan ha ein annan kunnskap enn me kvinner. Noko som er positivt.