– Erna Solberg og Høgre seier at det ikkje betyr noko om det står Haukeland eller Aleris på sjukehuset. Det er me usamd i, og dette syner den store skilnaden mellom oss og Høgre.
Slik starta Ap-leiar Jonas Gahr Støre dagens pressekonferanse på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.
Her han troppa opp for å leggje fram sju punkt som dei meiner skal betra helsepolitikken i Noreg.
Ap hevdar høgreregjeringa si styring i åtte år har auka skilnadane, og at det offentlege helsevesenet vert tappa for pengar, folk og kompetanse. Dette vil Ap snu – med ein plan på sju punkt for norsk helsevesen:
- Meir pengar til sjukehusa
- Meir rettferdig psykisk helsetilbod
- Betre tid for fødande
- Investera i ambulansetenesta i heile landet
- Offentleg kreftbehandling nærmare folk
- Hjelp etter sjukehusopphald
- Auka intensivkapasitet
Høie reagerer sterkt
Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) seier i ein kommentar til NRK at Arbeidarpartiet og Støre må sluta å spreia løgner om partiet sin helsepolitikk gjennom dei siste åtte åra.
– Dette er noko av det tynnaste eg har sett, er Høie sin umiddelbare reaksjon.
Mykje av det Ap presenterer i dag er allereie på plass i dag, meiner han. Mellom anna peikar han på tiltaka Støre vil i fødetilbodet.
At Høgre-regjeringa har nedprioritert det offentlege helsevesenet, slår han kraftig tilbake mot.
– Me har rekordinvesteringar i sjukehus, frå Hammerfest i nord til Kristiansand i sør. Og i morgon, torsdag, skal eg leggja ned grunnsteinen til det nye sjukehuset i Narvik. Me har gjeve langt meir til sjukehussektoren enn Jonas Gahre Støre gjorde i sin tid som helse- og omsorgsminister. Mellom anna til Haukeland, seier Høie.
Private tenester for dei med tjukk lommebok
Jonas Gahr Støre var helse- og omsorgsminister frå september 2012 til etter valet i 2013, då Bent Høie overtok.
– Det er berre ein vesentleg skilnad mellom Ap og Høgre, og det er synet på private helsetenester. Me meiner dette skal komma heile befolkninga til gode, ikkje berre dei med tjukk lommebok, slik som Ap meiner, helseministeren.
Meir pengar til sjukehusa
Dette skal gje rom for fleire tilsette i heile stillingar, betre behandlingskapasitet og naudsynte investeringar. Kapasiteten i poliklinikkar på ettermiddagar og kveldar i det offentlege skal auka, i staden for å byggja ut private tilbod.
Meir rettferdig psykisk helsetilbod
Ingen skal møta stengde dører, og folk med tilvising til spesialisthelsetenesta skal ha moglegheit for vurderingssamtale. Pasientar med langvarige psykiske problem/rusproblem skal ha rett på ein pasientansvarleg fagperson som skal hjelpa med å koordinera pasientforløpet.
– Det er på høg tid. Psykiatrien har vore nedprioritert i mange år, seier Tone Raknes, styremedlem i Mental Helse Hordaland.
PÅ TIDE: Styreleiar i Mental Helse, Tone Raknes, seier alt for mange blir ståande i køar og blir sjukare medan dei ventar på hjelp.
Foto: Ingeborg Kløve-Graue / NRKHo trur spesielt at å få på plass ein vurderingssamtale i spesialisthelsetenesta vil vera viktig for å sikra at alle får tilgang til god psykisk helsehjelp.
– Det som skjer i dag er at mange får avslag og då må søka igjen. Det er ikkje alle som orkar å ta den kampen og som kanskje gjer opp. Så om ein kan få vurderingssamtalen med ein spesialist og ikkje fastlegen vil me få meir grundige avgjersler, seier Raknes.
Betre tid for fødande
Ap vil sikra at ein får betre tid til familie og barn før, under og etter fødsel. Mor og barn skal få verta på barselavdelinga så lenge dei treng det. I tillegg skal kvinner med lang veg til fødestova få tilbod om jordmor i bilen på veg til sjukehus ved behov. Fleire tilsette på jobb i heile stillingar, dobla utdanningsstillingar for jordmødrer og ny finansiering av fødetilbodet.
– Me har høyrd om kvinner som under fødsel har vorte forlaten når dei er på sitt mest sårbare, og kvinner som må reisa for tidleg heim, sa Arbeidarpartiet sin førstekandidat i Hordaland, Marte Mjøs Persen på pressekonferansen.
Leiar i Jordmorforeningen, Kari Aarø, seier til NRK at dei ynskjer Arbeidarpartiet sine tiltak for å betre fødetilbodet velkomen. Likevel etterlyser Aarø konkrete tiltak.
– Slik ordninga er no er det fleire jordmødrer ute i distrikta som blir med gravide kvinner på reisa til sjukehuset utan å få ordentleg betalt i ettertid. Det er fordi det ikkje er konkrete ordningar for følgejordmødrer i kommunane, seier Aarø som meiner fleire heiltidsstillingar er ein del av løysninga.
– Det er fleire jordmødrer, spesielt i mindre kommunar, som berre får tilbod om små stillingsprosentar.
Leiar i Jordmorforbundet, NSF, Hanne Charlotte Schjelderup, seier til NRK at Bent Høie ikkje har teke jordmormangelen på alvor. Forbundet har hatt jamlege møte med departementet om situasjonen sidan i desember i fjor, men meiner lite har skjedd.
– Bent Høie har overlate for mykje av ansvaret til helseføretaka, som ikkje har prioritert styrking av fødetilbodet. Han må setja makt bak krava, meiner leiaren i forbundet.
Schjelderup legg til at ho reagerer når Høie framstiller det som om alt er på stell, når ein har lagt bak seg ein sommar med fleire sommarstengde fødeavdelingar i heile Noreg, og bemanningskrise mange stader.
– Sparetiltak i sektoren har ført til ein heilt ekstrem bemanningssituasjon for veldig mange jordmødrer, og me opplever ein alvorleg jordmorflukt frå yrket. Me får tilbakemeldingar om at tilsette nærmast vert truga til å ta vakter, seier ho.
Investera i ambulansetenesta i heile landet
Ap vil ha ny fagleg standard for utstyr i køyretøy og fartøy, og kompetansen til dei som er med ut i teneste.
Det vil dei gjera med statleg overtaking av luftambulansen, og greia ut modellar for samarbeid med ideell sektor. Norsk Luftambulanse er i dag organisert som ei stifting, medan dotterselskapet Norsk Luftambulanse AS er operatør alle dei tolv legehelikopterbasane.
Hans Morten Lossius, generalsekretær i Stiftelsen Norsk Luftambulanse, seier i ein kommentar at dei ynskjer Ap sine forslag velkommen.
– Me er glade for at Arbeidarpartiet vil sjå på modellar for samarbeid med ideell sektor. Dette har vore eit mål for oss lenge. Trass i at det offentlege har ansvaret for luftambulansetenesta, meiner me ordninga med kommersielle anbod ikkje er til det beste for pasienten, luftambulansetenesta og dei tilsette, seier Lossius.
Luftambulansen bør over i statleg kontroll, meiner Ap.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKOffentleg kreftbehandling nærmare folk
Ny nasjonal kreftplan der ein vil flytta deler av kreftbehandlinga ut i lokalsjukehusa, særleg knytt til strålebehandling og oppfølging etter kirurgi.
– Me må arbeida for å gjera kreftbehandlinga betre og meir tilpassa kvar einskild, sa Støre.
Auka investeringar i utstyr, drift og analysekapasitet for å utføra gentesting av svulstar tidleg i behandlingsforløpet.
Generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross i Kreftforeningen er glad for signala frå Ap.
– Me i Kreftforeningen jublar over løfte om auka investering i gentesting. Dette har vore ein av våre mest sentrale krav i denne valkampen. Noreg heng diverre etter når det kjem til implementering av persontilpassa medisin, seier ho i ein kommentar til NRK.
Stenstadvold Ross legg til at utvida gentest vil vera inngangsbilletten til betre behandling for mange alvorleg sjuke kreftpasientar. Og trass i ein har teke skritt i riktig retning, meiner Kreftforeningen at det framleis er behov for investeringar for å komma i mål.
– Me er glade for at Ap no løftar fram dette som eit av sine viktigaste punkt i sjukehuspolitikken, seier generalsekretæren.
Hjelp etter sjukehusopphald
Ap meiner sjukehusa må ta eit større ansvar for kva som skjer etter at sjukehusopphaldet er over. Det betyr mellom anna at sjukehustenestene følgjer deg på veg heim, og at dei tilpassar medisinar og rehabilitering til det livet du vil leva. Spesielt gjeld dette punktet eldre pasientar. Ap vil redda fastlegeordninga og utvikla digitale løysingar for kommunikasjon mellom nivåa i helsetenesta.
– Kommunane har ikkje vorte sett i stand til å ta vare på pasientar etter at dei vert skrivne ut av sjukehus. Dette vil me gjera noko med. Vidare vil me sikra fastlegeordninga som koordinerer mykje av den avanserte behandlinga som pasientane får, sa Ap sin helsepolitiske talsperson, Ingvild Kjerkol.
Auka intensivkapasiteten
Veksande befolkning og framtidige krisar gjer at intensivkapasiteten må aukast. Auka talet på utdanningsstillingar for både sjukepleiarar og legar knytt til intensivpostar.