Hopp til innhold

Arbeidarane må på sosialen

Arbeidarar ved Fundo Wheels i Høyanger ber om sosialpengar fordi dei manglar løn.

Fundo Wheels i Høyanger
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

NAV i Høyanger fortel om stor pågang både av arbeidarar som treng pengar og folk som ser seg om etter ny jobb fordi dei har mista trua på Fundo.

Røntgenoperatør Unni Finstad jobbar saman med mannen sin ved Fundo Wheels og trur ikkje på ei framtid ved felgfabrikken.

Tøft for arbeidarar

- Vi skal betale rekningar og lån, så det blir knalltøft, seier Finstad som har byrja å sjå seg om etter ny jobb.

- Men det er ikkje så enkelt. Det er mange om beinet no, seier ho.

Dei 240 arbeidarane har ikkje fått løn frå Fundo sidan november fordi banken ikkje vil gje meir kreditt.

Ber om sosialstønad

Så langt har ei handfull personar bedt om sosialstønad, men konstituert leiar Ann Kristin Nygård ventar det vert fleire.

- Dei som ikkje har noko å leve for søkjer sosialstønad, seier ho.

NAV vert kontakta av arbeidarar som har krav på dagpengar etter å ha vore permitterte i lengre tid, folk som har gitt opp Fundo og leitar etter ny jobb men også frå folk som rett og slett ikkje har pengar etter fleire veker utan løn.

Usikker situasjon

For Unni Finstad og mannen hennar går det så langt greit økonomisk, men dei tenkjer mykje på den usikre situasjonen familien er i.

- Det er veldig vanskeleg no, spesielt når vi jobbar der begge to, seier Finstad.

Les også bloggen: Legg ned sosialen!