Lægreid er desto meir skuffa over Hydro. Ikkje minst fordi kuttet av 285 arbeidsplassar skal gjerast i løpet av eitt år.
- Det er langt raskare enn vi hadde rekna med på førehand, seier Lægreid.
Håpar Jens vil hjelpe
I løpet av nokre år kjem kutta ved hjørnesteinsverksemda Hydro til å redusere talet på arbeidsplassar med 800.
Årdal er den største arbeidarpartikommunen i landet, og no går Arild Ingar Lægreid den vegen mange ordførarar i kommunen har gått før - til partiet sentralt - i håp om at det skal vere mogeleg å demme opp for nokre av dei mange arbeidsplassane som forsvinn.