Hopp til innhold

Arbeidarpartiet vil gje dei 450 millionar meir

Stortingsgruppa til Arbeidarpartiet har kome til semje om eit tilbod dei meiner både bøndene og regjeringa bør stille seg bak.

Opprørte bønder i Oslo.

OPPRØR: Bøndene har aksjonert ei rekkje gonger og stader, mellom anna i Oslo, etter at jordbruksforhandlingane braut saman.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) vedgår at partiet føreslår ei drastisk endring, på eit drastisk tilbod frå dei blå regjeringspartia.

Mellom anna føreslår dei å auke budsjettstøtta til landbruket med minst 450 millionar.

Ingrid Heggø

SAMDE: Ingrid Heggø og stortingsgruppa i Arbeidarpartiet er samde om sitt framlegg til jordbruksoppgjer.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Og strukturendringane som ville ført til store bruk, vil vi reversere slik at vi også varetek små og mellomstore bruk, seier Heggø til NRK.

Vil reversere endringar

Jordbruksforhandlingane var knapt komne i gang, før bøndene gjekk frå bordet med regjeringa. Dei ynskte ein auke på 1.5 milliardar kroner, medan tilbodet frå staten var ein auke på 150 millionar kroner.

Før forhandlingane braut saman, kom regjeringa med ytterlegare 100 millionar kroner. Regjeringa ynskte også å gjennomføre fleire strukturframlegg. Mellom anna å heve kvotetaket frå 400.000 liter til 1,2 millionar liter.

Desse vil Ap reversere.

– Vi vil ikkje ha fullt så stor auke på matprisane, spesielt på frukt og grønt. Vi ynskjer styrka kornøkonomi og inga fjerning av tidleg pensjonsordninga. Vi vil også at miljø- og klimatiltak skal halde fram, og går ikkje med på auke mjølkekvote som er føreslått, seier Heggø.

– Spennande, men ...

Per Hilleren på plass i Oslo for å protestere mot landbruksoppgjeret

POSITIVT: Per Hilleren meiner vedtaket til Ap er interessant, men ventar med å juble.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Eit interessant og positivt framlegg, seier leiar Per Hilleren i Sogn og Fjordane bondelag. Noko jubel vil han vente med til Stortinget har handsama oppgjeret i midten av juni.

– Det er spennande, men vi får vente å sjå kva som kjem, seier han vel vitande at framlegget frå Arbeidarpartiet vil trenge brei politisk støtte for å bli ein realitet i Stortinget.

Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet forhandlar i dag med støttepartia KrF og Venstre om jordbruksoppgjeret. Denne støtta er naudsynt for å kunne banke gjennom tilbodet i Stortinget.

Må ha V og KrF

Bøndene aksjonerer i Eid.

OPPRØR: Bøndene har vore i opprør sidan regjeringa tilbydde berre ti prosent av auken som dei kravde.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Sjølv om Ap skulle få med seg både Senterpartiet og SV, er også dei avhengige av støtta frå sentrumspartia for å nå fram med det dei meiner er eit akseptabelt jordbruksoppgjer.

– Dei raudgrøne og dei grøne vil nok støtte noko slikt, men V og KrF veit vi ikkje. Dei forhandlar vidare med regjeringa i dag, men dette er noko dei absolutt bør ta med seg til forhandlingsbordet, seier Heggø og håpar å sjå regjeringa sine støtteparti ved eit forhandlingsbord.

– Vi kan også forhandle, seier ho.