Hopp til innhold

Ap-veteran i Bergen med kraftig oppgjer – fekk melding om fleire ukjente historier over natta

Ukulturen i Trøndelag Ap har også vore gjeldande i andre delar av partiet, hevdar tidlegare skulebyråd i Bergen: – Ap må ta eit nytt, knallhardt oppgjer med metoo.

Pål Hafstad Thorsen

OPPGJER: Eks-skulebyråd og mangeårig bystyrerepresentant i Bergen Pål Hafstad Thorsen har fått melding om fleire konkrete hendingar etter at han torsdag kveld tok eit oppgjer med ukulturen i AUF.

Foto: Mette Anthun / NRK

Pål Hafstad Thorsen hadde fleire sentrale verv i AUF i Bergen og Hordaland på 2000-talet.

Der var han med på å kjempa mot ein ukultur med «flatfyll, (...) seksuell trakassering, mobbing og null tillit mellom folkevalde», skriv han i eit innlegg på Facebook torsdag kveld.

– Dette er ikkje noko som er unikt rundt klikken til Trond Giske. Dette er noko me har sett andre stader med Arbeidarpartiet i Noreg, hevdar Thorsen, som var skulebyråd i Bergen frå 2015 til 2018.

Han vart i 2018 vraka som byråd til fordel for noverande byrådsleiar Roger Valhammer, då dåverande byrådsleiar Harald Schjelderup varsla at han ville trekke seg.

– Doping, seksuell trakassering og valdtektsforsøk

Etter at han publiserte innlegget har han fått mange tilbakemeldingar både frå folk som fortel kva dei sjølve har opplevd i partiet, og folk som fortel at dei sjølve var med på å halde ukulturen i live.

Fleire meldingar inneheld svært opprivande historier frå tidlegare AUF-medlemer i Bergen, som ikkje er behandla i partiet og som har vore ukjend for dei fleste.

NRK har lese fleire av historiene som skal ha gått føre seg nokre år tilbake i tid.

– Dette er historier som aldri har vore fortalde før. Kvinner fortel at dei har vore neddopa, seksuelt trakasserte og utsette for valdtektsforsøk, seier Thorsen.

Thorsen meiner partiet no treng å ta eit nytt oppgjer med ukultur i heile organisasjonen frå 80-talet og utover 2010-talet.

– Ap må ta ein eit nytt oppgjer med metoo, versjon 2.0. Den runden må koma knallhardt. I det politiske miljøet, både nasjonalt og lokalt, skrapar ein berre overflata. Dette må røskast opp med rota, seier Thorsen til NRK fredag.

Leder i Arbeiderpartiet i Bergen, Geir Steinar Dale

FORVENTAR FLEIRE HISTORIER: Leiar i Arbeidarpartiet i Bergen, Geir Steinar Dale.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Forventar at det kjem fleire historier

Leiar i Arbeidarpartiet i Bergen, Geir Steinar Dale sende fredag ettermiddag ut ein e-post til medlemene i lokallaget.

Der oppmodar han alle som sit inne med ubehageleg opplevingar om å fortelja.

– Eg kjenner ikkje bakgrunnen for det Thorsen har nemnd, så eg kan ikkje kommentera det. Men at det har vore ein kultur frå ein del år tilbake, som ein kan stilla spørsmålsteikn ved, er nok absolutt riktig, seier Dale.

Ikkje fått nokon nye varsel

Han fortel at han har «høyrd historier» om tidlegare partifellar, men har aldri sjølv opplevd grenseoverskridande framferd i partiet.

– Me har jobba i mange år for å endra partikulturen, og eg synest me har lukkast godt. Organisatoriske køyrereglar, mellom anna om nulltoleranse for alkohol i møtesamanheng, blir informert om ved alle årsmøte og samlingar. Organisasjonen skal vera trygg for alle, og eg meiner me har kome langt i den prosessen.

Dale erkjenner at det truleg ligg fleire ufortalde historier blant hans lokallagsmedlemer.

– Det vil overraska meg om det vil koma historier som gjeld notid. Men eg forventar at det vil koma noko som folk har opplevd tidlegare, seier Dale til NRK.

Per laurdag ettermiddag har Arbeidarpartiet i Bergen ikkje fått varsel om nye historier.

Ordfører i Bergen, Marte Mjøs Persen under bystyret i april 2019

FYLKESLEIAR: Marte Mjøs Persen er ordførar i Bergen og leiar i Vestland Ap.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

– Open for å lytta

Marte Mjøs Persen fylkesleiar er ordførar i Bergen og leiar i Vestland Ap. Ho har heller ikkje fått nokon varsel tilsendt dei siste dagane og meiner det er vanskeleg å seia om det kan koma nokon.

– Men me er open for å lytta til historiene. I Vestland Ap er det verken plass til ukultur eller seksuell trakassering. Det skal sjølvsagt vera låg terskel for å varsla og eventuelle overtramp skal takast med ein gong. Det skal vera høgt under taket for å meina forskjellige ting, ha gode politiske prosessar og ein open politisk debatt, seier ho.

Mjøs Persen peikar på at partiet har fornya seg og at dei som er tillitsvalde no stort sett ikkje var det for 10-20 år sidan og motsett. I tillegg er dei opptekne av organisatoriske køyrereglar og reglar mot seksuell trakassering i alle organisasjonsledd.

Reagerer på generalisering

– Eg synest i alle fall at Ap er ein god stad å vera og diskutera, og det trur eg mange med meg synest. Me legg til rette for at det skal vera trygt og godt å seia meiningane sine. Ein kan ikkje samanlikna Ap i dag med skildringane som Thorsen har frå 90-talet, mykje fordi utagerande festing med alkohol sjølvsagt ikkje har nokon plass i organisasjonslivet. Det er det teke oppgjer med for lenge sidan, meiner Persen.

Ho understrekar at partiet kontinuerleg jobbar med organisasjonen og korleis folk skal vere med og mot kvarandre.

Mjøs Persen reagerer vidare på at Thorsen skriv på Facebook at han har «sett og høyrd statsrådar, statssekretærar, byrådar, politiske rådgjevarar, sentrale og lokale tillitsvalde og journalistar grovt utnytte tilliten til unge jenter og gutar».

– Det er viktig at han ikkje mistenkeleggjer alle som har hatt viktige posisjonar for Ap. Også blant våre fremste tillitsvalde har det vore gode døme på menn og kvinner som har stått fram for å visa ein annan veg og vera gode førebilete, seier fylkesleiaren.

Tillèt ikkje alkohol

Endre Toft, leiar for Vestland AUF, seier han er glad for at ungdomspartiet har teke eit tydeleg oppgjer med kulturen Thorsen skildar i sitt Facebook-innlegg.

– Vi har gode retningslinjer rundt handtering av seksuell trakassering, skoleringer rundt grenser og maktforhold og arbeider systematisk for at terskelen for å seie ifrå skal vere så låg som mogleg. Alkohol er heller ikkje tillate på nokon av arrangementa i AUF - og godt er det, seier Toft.

Hei!

Har du eit tips i denne saka? Send meg gjerne ein epost.