– Vi har jobba hardt i lang tid med å skulere ungdomspolitikarar og spisse argumentasjonen vår. Kunnskap er makt, og no har vi vunne fram med synet vårt, seier leiar Leonora Hjelle i Vestland AUF.
Slik forklarer ho at ungdomspartiet har vunne fram og endeleg fått moderpartiet til å revurdere planane om å lagre avfall frå gruvedrifta på Engebøfjellet i eit fjorddeponi i Førdefjorden.
Men prosjektet i Førdefjorden har allereie kome godt i gang. Det er no fleire år sidan gruveselskapet Nordic Mining byrja å prøvebore etter mineralet rutil i Engebøfjellet.
Motstandarane kalla det symbolpolitikk
Ikkje alle i Arbeidarpartiet er overtydde om at gjennomslaget til ungdomspartiet vil stogge det kontroversielle prosjektet. Ordførar Håkon Myrvang i Naustdal åtvara mot vedtaket, det same gjorde påtroppande fylkesnestleiar Hilmar Høl.
– Dette er jo politikk som allereie er vedteke i Stortinget. Vi har vore klar på at dette blir eit symbolvedtak, sidan prosjektet i Førdefjorden allereie er vedteke, seier nyvald nestleiar i Vestland Arbeidarparti Hilmar Høl.
Han var ein av motstandarane då eit knapt fleirtal på stiftingsmøtet for det nye Arbeidarpartilaget gjekk inn for å snu haldninga til partiet.
Striden på fylkesårsmøtet stod om ei einskild setning:
- «Det innvilga utsleppsløyvet for deponering av gruveavfall i Førdefjorden må vurderast på ny.»
Den setninga vart teken vekk då Vestland Ap vedtok sitt fylkesvalsprogram i Førde, i januar.
Under omkampen i Bergen i helga, vart den teken inn att. Kampen mot fjorddeponi vart leia an av Arbeidarpartiet i Bergen, AUF og Sunnfjord Ap.
Natur og Ungdom demonstrerte
Då delegatane toga inn på hotellet laurdag føremiddag stod aksjonistar frå Hordaland Natur og Ungdom utanfor. Dei håpa at partiet skulle seie nei til både fjorddeponi og konsekvensutgreiing av Lofoten.
Fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun var blant arbeidarpartipolitikarane som gjorde naturvernarane fornøgde.
– Med den kunnskapen vi har i dag, så må vi vere heilt sikre på kva vi gjer. Eg vart overraska over å høyre kor splitta ein er rundt dette prosjektet også i Sogn og Fjordane. Det gjorde at eg valde å revurdere mitt syn på om dei som har fått denne konsesjonen skal få lov til å halde fram.
I regjeringsforhandlingane tapte Venstre kampen om å trekkje tilbake utsleppsløyvet som Nordic Mining allereie har fått i samband med gruveplanane i Engebøfjellet. Argumentet til Høgre og Framstegspartiet var då at staten ville kunne bli saksøkt om ein snudde no.
Ungdomspolitikarane i AUF tek likevel skuldingane om symbolpolitikk med knusande ro.
– Denne saka har vorte diskutert veldig mykje både i Sogn og Fjordane og i Bergen, så eg er veldig fornøgd med det vedtaket vi har fått, seier AUF-leiar Leonora Hjelle.